Hopp til innhold

Stian vil haike med deg til Bergen

FØRDE (NRK): Ser du denne karen langs vegen på måndag, då vil han veldig gjerne sitte på med deg.

Stian vil haike til Bergen

HAIK: Programleiar i Noreg Rundt, Stian Sjursen Takle, skal haike frå Førde til Bergen. Om du tek han med deg får du eit Noreg Rundt-krus, og kanskje blir du ein del av Gullrekka til NRK førstkommande fredag.

Foto: Fredrik Johan Helland / NRK

– Eg trur faktisk at eg aldri har haika før, seier programleiar i Norge Rundt, Stian Sjursen Takle.

Sjølv innrømmer han at han har køyrt forbi mange haikarar opp gjennom åra utan å stoppe.

– Eg trur mange er skeptiske til å ta med seg heilt framande personar i bilen, seier han.

På måndag skal han sjølv teste ut kunsten å haike når han skal kome seg frå heimen i Førde til jobb i Bergen. Då håpar han folk legg skepsisen til side, stoppar og lar han få haik eit stykke av vegen. Mest av alt har han lyst til å sitte på med ein lastebil og ein tysk bubil.

– Eg vil høyre korleis deira liv på vegane er, fortel Takle.

Vil sjå livet på vegen

Målet med turen er å få eit innblikk i korleis folk sine liv på vegane er. Takle er litt redd at folk blir skremt av at det skal filmast, for med seg har han ein TV-fotograf med kamera.

– Det må dei ikkje tenke på, vi håper folk har lyst å vise oss vegen dei pendlar, vise oss plassen dei bur på og køyrer oss eit stykke av den vegen vi skal, seier han.

For han vil ikkje sitje på med éin bil heile vegen, men heller sitje på med flest mogleg på ferda til Bergen.

Den lengste vegen

Programleiaren tek ikkje den vanlege ruta rett sørover, over Sognefjorden på Lavik-Oppedal og via Knarvik til Bergen. Takle vil sjå mest mogleg av dei to fylka som snart blir til Vestland, og difor går turen via Sogn og Voss før han kjem fram til storbyen.

– Eg har lyst å haike via Gaularfjellet til Balestrand, innover langs Sognefjorden, innom Flåm, vidare til Voss og derfrå til Bergen, fortel programleiaren.

– Dette kan ta litt tid, kva om det blir natt før du kjem fram til Bergen?

– Vi har planlagt to dagar til turen, så ei overnatting blir det. Eg bør kanskje pakke telt, for eg veit jo ikkje kvar vi endar opp på måndag kveld, seier Takle og blir tankefull.

– Eg må jo berre overnatte der eg hamner, så om det blir hotell, i ein tysk bubil eller på eit busstopp får vi berre sjå, smiler han.

Kart reiserute Norge Rundt

REISERUTE: Slik ser Stian for seg reiseruta, men han må ta omsyn dei han får sitte på med.

Foto: Skjermdump Google.no

Må rekke TV-sendinga

Dei som tek med seg programleiaren får eit Norge Rundt-krus og Norge Rundt sin boksershorts. Og er du verkeleg heldig, blir du ein del av Gullrekka førstkommande fredag.

Heile turen skal nemleg bli til sesongens første program av Norge Rundt. Difor må Takle rekke å kome fram til tysdag.

– Vi må jo få laga klart, så eg håpar verkeleg at vi kjem oss fram til Bergen innan den tid.