Hopp til innhold

Stian lagar juleradio til heile landet frå Førde

For første gong blir det laga nasjonal juleradio i to kanalar direkte frå Sogn og Fjordane. I NRK P1 skal Stian Sjursen Takle lede programmet P1's juletallerken, medan Ronny Brede Aase skal lede Ronnys Jul på NRKP3.

Stian Sjursen Takle

KLAR: Stian Sjursen Takle gler seg til å spreie julestemning til heile landet i julehelga.

Foto: NRK

Det er første gong på mange år at eit nasjonalt radioprogram i NRK P1 blir sendt direkte frå Førde.

Gjester og radiokokk

– Eg gler meg til alle julegjestene som kjem innom for å spreie god julestemning, eg gler meg til å få spele dei aller finaste julesongane, til radiokken vår som skal trylle fram smakfulle rettar, og eg gler meg til å vere med lyttarane som selskap i den finaste tida eg veit i året. Det seier programleiar Stian Sjursen Takle.

Han skal lede tre timar med julesending klokka 12 på NRK P1 både julafta, 1. juledag og 3. juledag. Blant gjestene finn vi Selda Ekiz, Sigrid Moldestad og programleiarane i PILS, Bård Ose og Finn Tokvam.

Radiokokken Steinar Lindstrøm er også med for å lage fristande julemat på direkten, og vil sjølvsagt gi deg alle råda du treng for perfekt julemiddag.

Vil stemningssette jula

Når juletallerkenen på NRK P1 er tom klokka 15, startar sendinga til Ronny Brede Aase i det same studioet i Førde. Der skal den populære programleiaren frå P3morgen invitere til Ronnys Jul utover ettermiddagen.

Ronny Brede Aase

RONNYS JUL: Førdianaren Ronny Brede Aase, kjend frå PRmorgen, sender Ronnys Jul frå studio i Førde i jula.

Foto: Tom Øverlie / NRK

– Det eg gler meg aller mest til er å få vera med inn i julefeiringar landet rundt gjennom radioen. Det beste med radio er jo at folk har den på medan dei gjer andre ting. Så eg gler meg til å stemningssette pynting på bad før julemiddag, bilturen til og frå kjende og kjære med dei siste gåvene, den spesielle og rolege fyrste juledagstemninga.

– Og så skal eg sørge for å spre litt juleglede til alle som må jobbe både julafta og fyrstedagen, fortel Ronny Brede Aase.

Programleiaren frå NRK P3 skal også vere gjest i P1's juletallerken på 1. juledag. Ronny har hatt eit spennande år der han i tillegg til å lede P3-morgon, mellom anna har laga nyversjon av den populære fillmen om Askepott.

Skal vere godt selskap

NRK P1 sin juletallerken pleier å gå frå hovudkontoret til kanalen i Trondheim, men er altså i år lagt til Sogn og Fjordane. Kanalsjef i P1 Jon Branæs seier dette programmet er viktig for Norges største radiokanal.

– NRK P1 skal gje det norske folk godt selskap i jula, slik vi gjer kvart år. Eg er glad for at NRK Sogn og Fjordane har tatt på seg ein så stor del av denne oppgåva i år. NRK P1s Juletallerken betyr mykje for mange som hører på radio i jula, seier Branæs.