NRK Meny
Normal

Rusmisbrukar Stian (24) kjenner seg som ein kasteball i systemet

Rusmisbrukar Stian Sagevik vil bli rusfri, men ingen tek ansvar for å hjelpe.

Stian Sagevik

RUSFRI: Stian Sagevik (24) vil gjerne bli rusfri, men søknaden til rehabiliteringa har forsvunne i systemet.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Han er vand med å bli omtala i lokalavisene etter innbrot, og vand med å ruse seg for å rømme frå kvardagen.

I mars fekk Stian Sagevik beskjed om at han no i haust ville få plass på behandlingsstaden Tyrilikollektivet. Men søknaden forsvann i systemet, og ingen vil ta ansvar for det som har skjedd.

– Eg veit ikkje kva eg skal tru. NAV seier søknaden er sendt, og at eg er på venteliste. Eg trur dei lyg til meg, seier 24-åringen frå Høyanger.

Rus og ADHD

Sterkt råka av ADHD og med rusproblem, sit Stian i leilegheita i Høyanger. TV-en er på, men volumet er skrudd ned. På veggen heng biletet av sonen, som nyleg byrja på skulen.

Sagevik veit kva som må til for å få eit betre liv. Kva som må til for å ikkje lenger vere verstingen i bygda.

– Rusfri. Jobb. Fast samvær med guten. Ha noko fast å gå til, seier han.

– Det er tøft. Det er hardt. Dette er jo ikkje noko eg ynskjer, legg han til.

Ingenting skjer

Vegen til eit rusfritt liv har vist seg kronglete og vanskeleg for Sagevik. Søknaden om opphald på Tyrili, som tilbyr tilbyr behandling og oppfølging av rusmiddelavhengige innan spesialisthelsetenesta, barnevernstenesta og kommunale tenester, vart i mai registrert inn i systemet til Helse Førde.

Sidan har ingenting skjedd. Og på Tyrili er det opp til eitt års ventetid. 24-åringen kjenner seg som ein kasteball i systemet.

– Eg hadde gleda meg, og sett fram til å komme inn der. Dersom alt hadde gått etter planen, så hadde eg kanskje vore der no. Men no er jo ikkje søknaden sendt ein gong, seier han.

– Kan gå veldig gale

For mora hans, Jill Davenport, har det meste i mange år handla om å prøve å hjelpe sonen. Ho ringjer dagleg for å vite at 24-åringen har det greitt. Lukkast ho ikkje, går telefonen til sonen hennar sin omgangskrins.

– Eg må ha kontakt med han kvar dag for å vite at han har det greitt. Mange gonger høyrer eg at han ikkje har det greitt, og då er det fælt å vere så langt vekke, fortel ho.

– Kva trur du blir følgjene om han ikkje får hasteplass på Tyrili eller ein annan stad?

– Uff, nei. Det vil eg ikkje tenkje på. Eg trur det kan gå veldig gale.

Kjent problemstilling

Situasjonen til Sagevik er ikkje ukjend for styreleiar Anne Grete Terjesen i Landsforeininga for pårørande innan psykisk helse. Ho meiner denne pasientgruppa blir kasteballar i systemet.

– Dette er ei gruppe pasientar og pårørande som veldig ofte blir kasta mellom rus og psykiatri, og mellom første- og andrelinje og NAV, seier ho.

NRK har vore i kontakt med NAV fleire gonger, men dei ynskjer ikkje å kommentere denne saka.

Rus eller psykiatri?

– Men er det vi ser ei ansvarsfråskriving frå NAV og Helsevesenet?

– Det som er sikkert, er at det er ei kjent problemstilling som både helsevesen og styresmakter kjenner til. Det er fordi at ein ofte ikkje heilt veit kva som er hovudproblemet, om det er rus eller psykisk helse, seier Terjesen.

– Så lenge ein ikkje har avklara kven som har ansvar for behandlinga, så blir denne gruppa flytta frå den eine staden til den andre, seier ho.

Fekk medisin

Sagevik har lenge gått utan medisinar. Først nyleg fekk han utskrive Rhitalin frå legen sin i Helse Førde.

24-åringen vedgår han ikkje har vore mellom dei enklaste å ha med å gjere, men håpar framleis på hjelp til eit rusfritt liv.

– Eg er sikkert ikkje den lettaste personen å hjelpe. Eg har ikkje fått gått på medisin i alle år. Hadde eg hatt den heile tida, så hadde sikkert ting sett annleis ut, vedgår han.

Bønder føler seg ikkje trygge på vegen med traktor
Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast