I Sydney-OL i 2000 var Grimseth rekna som eitt av dei norske medaljehåpa. Men kraftkaren vart teken i doping elleve dagar før han skulle i elden. Avsløringa av Grimseth sende sjokkbølgjer gjennom idrettsnorge, og vektløftaren vart utestengd frå all konkurranse i seks månader – ei straff mange meinte var for mild.
Grimseth skuldar dopinga på kosttilskotet Ribose
Hevdar uskuld
Men Grimseth har heile tida stått fast på si uskuld. Han fekk i seg det ulovlege stoffet nandrolon gjennom kosttilskotet Ribose, og har lenge førebudd rettssak mot den amerikanske produsenten av kosttilskotet. Då det vart kjent at Grimseth mangla pengar til rettssaka, gav ei lokal kronerulling 170.000 kroner i pengestøtte til rettssaka.
Har ikkje klart kravet
Grimseth har ikkje klart OL-kravet på 405 kg, men er no likevel utteken til OL.
– Det er knallhard konkurranse om plassane, og eg har på ingen måte kjent meg trygg på å bli teken ut. Så det er utruleg godt når dette no er på plass, seier ein nøgd Stian Grimseth.
Den siste tida har vektløftaren trena knallhardt fram mot OL. Til helga skulle han delta i Baltic Cup for å gjere eit siste forsøk på å kvalifisere seg. Når han no uansett er klar for OL, tek han det stemnet som trening.