NRK Meny
Normal

Sterkt Sogndal 2-lag fekk det lett

Vik fekk det som venta tøft i kveldens borteoppgjer mot Sogndal 2.

Espen Olsen og Tarjei Dale

Espen Olsen og Tarjei Dale scora eitt mål kvar i oppgjeret mot Vik. Biletet er frå ein tidlegare kamp med 1. divisjonslaget til Sogndal.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Oppgjeret avrunda 19. sereirunde i 3. divisjon. Sogndal 2 vann greitt 3-0 etter scoringar av Espen Olsen, Ørjan Hopen og Tarjei Dale.

Ifølgje rapportane burde sigeren vore langt større.

Skjeldestad attende

Sogndal stilte med eit sterkt lag. Mellom sju spelarar frå A-lagstroppen, var Terje Skjeldestad attende etter eit lengre tids skadeavbrot.

Keeperkjempa spelte fire kampar i 3. divisjon i fjor, men har ikkje spelt for A-laget sidan Hønefoss-kampen i midten av september 2007. Han sat også på benken for A-laget i helga.

I tillegg stiller Sogndal med Henrik Furebotn, Eivind Daniel Røed, Ørjan Hopen, Anders Stadheim, Tarjei Dale, Espen Olsen frå A-stallen.

Med det resultatet er Vik framleis sist i divisjonen med 11 poeng. Poenget bak Kaupanger. Sogndal 2 klatra forbi Stryn til fjerdeplass med 38 poeng.