Hopp til innhold

Sterkt møte mellom krigsveteranar

Det var duka for eit sterkt møte mellom krigsveteranar i Måløy torsdag kveld.

Inge og Lars Hovden, saman med Ragnar Ulstein.

MØTTEST: Englandsfararane Inge og Lars Hovden møtte i går for fyrste gong agenten og Linge-mannen Ragnar Ulstein, som opererte mykje her i fylket under andre verdskrig.

Foto: Harald Kolseth / NRK

Over 130 frammøtte fylde lokalet då krigsagenten, Lingemannen og krigshistorikaren Ragnar Ulstein (93) heldt føredrag.

Mellom dei var englandsfararane Lars og Inge Hovden, som no bur i Selje. Dei hadde aldri før møtt den legendariske krigsveteranen.

– Det har vi ikkje. Ikkje som vi veit om. Kanskje då dei kom tilbake til Shetland frå Domba med MTB, seier Lars.

Reiste inkognito

Men det er kanskje ikkje så rart at dei minnast å ha møtt krigshistorikaren. Sjølv om han opererte fleire gonger som hemmeleg agent i fylket under andre verdskrig.

Ulstein var også sjef for heimestyrkane som vart bygd opp her siste krigsvinteren. Som hemmeleg agent helste han aldri på folk han møtte.

– Agenten sitt namn vart aldri kunngjort. Vart ein teken og utsett for tortur, så var det om å gjere at dei ikkje kjende folk, fortel Ulstein.

– Over all forventing

Det vart nok mange slike historier då under den krigshistoriske kvelden som vart arrangert i Måløy torsdag kveld. Terje Sølvberg skildrar kvelden som ein suksess.

Terje Sølvberg, Ragnar Ulstein og Helge Hjelle.

BERØMT: Terje Sølvberg, Ragnar Ulstein og Helge Hjelle ved ein modell av den berømte Måløy-båten Arthur som gjekk mange oppdrag for Shetlandsgjengen over Nordsjøen under krigen.

Foto: Harald Kolseth / NRK

Han har vore sentral i arbeidet med å stable på beina eit krigshistorisk senter som skal ta føre seg krigshandlingane i området.

– Ja, det må ein trygt seie. Dette vart over all forventing, og det styrkjer senteret. Det skal ikkje berre innehalde historia om Måløyraidet, men aksjonar som vart gjort på kysten i Selje og Bremanger, seier han.

Trur på støtte

Fylkeskommunen har tidlegare avslått søknaden om midlar til Måløyraidsenteret , men Helge Hjelle både håpar og trur at ein ny søknad vil få tommelen opp hos fylkespolitikarane.

– Eg håpar og trur at denne historia, som er internasjonal, kan bli fortalt også til kommande generasjonar. Det føler eg dei er i ferd med å sjå, seier han.

– Det er små beløp det dreier seg om, men betyr så uendeleg mykje for oss for å komme i gang med bygging av senteret, held Hjelle fram.

Har pågangsmot

I Måløy startar dei no med detaljplanlegginga, og entusiastane har også ei gruppe historikarar med på laget. No har dei også starta arbeidet med ei venneforeining som skal vere ein diskusjonspartnar og jobbe for Måløyraidsenteret.

Om pengestøtta kjem på plass trur Hjelle at senteret kan stå klart om halvanna til to år.

– Vi har jobba tett inn mot politikarar og trur vi vil komme i posisjon. Det har gått i bølgjedalar, men vi har pågangsmot. Bratta opp att står vi i. Dette er gode historier som fortener å bli tekne vare på, avsluttar han.