Odd-Bjørn Hjelmeset. Arkivfoto NRK
Hjelmeset vart berre slegen av Eldar Rønning. På dei to neste plassane i finalen kom ein polakk og ein svenske. Hjelmeset kom rett frå høgdeopphald, og var svært nøgd med det han fekk til i Reit im Winkl. - Dette lovar bra for VM i Oberstdorf, seier glopparen, som var 0,3 sekund bak Rønning i finalen. Dei andre på det norske VM-sprintlaget nådde ikkje opp i rennet.