Sterker reaksjonar på kuttforslag

Det vekkjer sterke reaksjonar at styret i Helse Førde føreslå å leggje ned dei to lokalsjukehusa i Sogn og Fjordane.

Bente Øien Hauge

Bente Øien Hauge likar ikkje forslaget som Helse Førde-styret går inn for.

Foto: Privat
Anne-Grete Strøm-Erichsen

Helseminister Anne-Grete Strøm-Erichsen er på dialogmøtet i Helse Førde.

Foto: MMSfoto: Per Kristian Grimeland / NRK
Clara Øberg og Jorunn Ringstad presenterer strategiplanen

Clara Øberg og Jorunn Ringstad presenterer strategiplanen.

Foto: Per Kristian Grimeland / NRK
Jon Bolstad og Clara Øberg

Administrerande Jon Bolstad og Clara Øberg.

Foto: Per Kristian Grimeland / NRK

Helseføretaket går inn for å oppretthalde eit sentralsjukehus i Førde og gjere Nordfjord sjukehus og Lærdal sjukehus om til lokalmedisinske senter utan sengepostar.

Forslaget blei presentert på det som er tidenes helsepolitiske møte i Sogn og Fjordane. Framføre heile toppleiinga i helsedepartementet, med statsråd Anne Grete Strøm Erichsen i spissen, la styreleiar Clara Øberg fram det dramatiske forslaget.

Er rysta

Bente Øien Hauge har i mange år kjempa ein hard kamp for å behalde Lærdal sjukehus. Ho er sjokkert over forslaget som Helse Førde legg fram for å spare 150 millionar kroner innan 2012.

– Eg er rysta over det som Helse Førde legg fram der dei vil fjerne sjukehustilbodet i Eid og Lærdal. Det vil til dømes bety at folk i Øvre Årdal vil få lengre reiseveg enn nokre andre i heile Sør-Norge til akuttberedskap og føden. Det vil sannsynlegvis bety at kvar sjuande årdøl vil bli fødde på vegen til sjukehus.

- Eit elendig forslag

Ho seier at styret føresler ein modell som er sett ut frå eit senter-perspektiv.

– Dei føresler ei løsying som er grei for dei som bur i det tettaste befolka området, nemleg Sunnfjord, og som sikkert er bra for dei som jobbar ved sentralsjukehuset. Men for den kommunelegen som står i ei grøft ved eit trafikkuhell og som får forlenga avstanden til akuttsjukehuset, så er det dette eit elendig forslag.

Prega tilsette på Nordfjordeid

Også på Nordfjoreid er det sterke reaksjonar. Reporter Harald Kolseth seier at dei tilsette er svært prega av det som har komme fram.

– Men mange av dei tilsette vil ikkje stå fram, men dei er heilt klart prega, fortel han.

Overlege Henrik Berg ved sjukehuset seier at ingen av dei har lyst å miste 24-timarsberedskapen som dei no har sju dagar i veka.

– Det har vore ein tryggleik for oss og no er den i fare.

– Korleis opplever du reaksjonane frå dei tilsette på sjukehuset?

– Det er vel ingen som har fått dette heilt innover seg enno, men folk er rysta.

NRK Sogn og Fjordane følgjer møtet fortløpande på nett, og du kan høyre frå møtet både i føremiddagssendinga klokka 11.03 og i ettermiddagssendinga klokka 16.03 på radio. Sjå også Vestlandsrevyen i kveld.

Regjeringa vil ha større konkurranse i landbruket, men bøndene på Vestlandet er skeptiske.
Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.