Ho nektar å godta nedlegging av skulen

Rektor ved Stryn vidaregåande skule, Kirsti Horne, nektar å godta at Stryn skal kome på lista over skular som kan leggjast ned.

Rektor ved Stryn vidaregåande reagerer på kuttforslaga.

Reagerer på kuttforslag

Ho vil rett og slett ikkje forhalde seg til dei to alternativa som innbær nedlegging av hennar skule.

– Eg må seie at rapporten den er overveldande og veldig alvorleg. Eg er jo veldig stolt av personalet mitt, så eg må jo verkeleg seie at dei tok i mot rapporten på ein klok og verdig måte, seier Kirsti Horne.

Førebur seg på kamp

I dag blei Norconsult sin rapport om organisering av den vidaregåande skulen i fylket presentert. Tre ulike modeller blei presentert, to av modellane betyr altså nedlegging av skulen i Stryn.

– Det vi har gjort no er at vi har førebudd oss ved å etablere eit arbeidsutval på skulen som er samansett av lærarar, anna personale, tillitsvalde, elevrådsleiar og leiinga, der vi skal sjå på ein modell og kome med innspel til konsekvensutgreiing, seier rektor.

– Vanskeleg

SV-politikar Norvall Nøringset varsla for fleire år sidan at ein burde vurdere skulestrukturen i Sogn og Fjordane. Han sler fast at det no må gjeraste ei grundig vurdering av dei forslaga som er komne.

– Vi visste at dette ville bli vanskeleg, og vi visste at dei ville leggje fram forslag som det vil bli vanskeleg å takle for mange skular, kommunar og tilsette i dette systemet, seier Nøringset.

– Vil vere i forkant

Han vonar no at ein tek debatten om skulestrukuren på ein skikkeleg måte.

– Vi har visst om nedgangen i elevtala, vi visste om den økonomiske situasjonen for fleire år tilbake. Eg vil vere i forkant av debatten, for då kan ein finne dei gode løysingane, vere konstruktiv og byggje ein skule for framtida på ein annan måte enn om ein har hastverk og måtte gjere dette på veldig kort tid, meiner Nøringset.


Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.
Å levera lekser på nett er ikkje lett når internett-tilgangen er dårleg. 
Men det ER realiteten for mange skuleelevar i distrikta. 
Skilnadane er store, trass i at bruk av data får ein stadig større plass i skulen.