NRK Meny
Normal

Sterke reaksjonar på Sande-flytting

Hermod Kleppa i Fylkesarkivet reagerer sterkt på at Fjaler kommune har vedteke å flytte Jakob Sande-bautaen frå sin opphavlege stad.

Bysta over Fjaler-diktaren har stått framfor ungdomsskulen i Dale sidan den vart avduka på 60-talet, men no vil kommunen flytte den til Klokkargarden.

At dette i tillegg skjer i jubileumsåret til Jakob Sande, synes Kleppa lite om.

- Eg kan ikkje sjå på dette som eit jubileumstiltak. Eg tykkjer det er eit dårleg tiltak å flytte minnesmerket i eit jubileumsår. seier han.

Jakob Sande-bauta
Foto: NRK

Flyttast 100 meter

 

Bautaen over Jakob Sande har stått framfor ungdomsskulen i Dale sidan 1966. Minnesmerke vart sett opp av kommunen, og avduka av diktaren sjølv.

Men i samband med at Klokkargarden er utpeikt som Fjaler kommune sin 1000 års-stad, har Fjaler kommune vedteke å flytte bautaen dit, 100 meter frå der han står i dag. Kleppa har i mange år jobba med minnesmerke i Sogn og Fjordane.

- Det som er rett, slik eg ser det, er å la den stå der den vart sett i si tid. Det er av respekt for dei i si tid som reiste minnesmerket, seier han.

- Ikkje respektlaust

Ordførar i Fjaler Arve Helle er ikkje samd i at kommunen opptrer respektlaust.

- Vi meiner at denne plasseringa er den mest naturlege, med tanke på at Klokkargarden no framstår som ein arena for alle Jakob Sande-aktivitetane. Den nye plassen er meir knytta til Jakob Sande enn der den står no, seier Hjelle.

- Historielaus

Torodd Fagerheim er Jakob Sande- kjennar og han  var til stades då Jakob Sande avduka bautaen av seg sjølv.

- Eg forstår ikkje at ordføraren kan seie noko slikt, han må vere ganske historielaus. Ungdomsskulen ligg midt på den gamle klokkargarden der Jakob Sande vart fødd. Eg trur at Sande snur seg i grava om kommunen gjennomfører denne flyttinga, seier Fagerheim.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå