Hopp til innhold

Vil kjempe for å behalde Konfliktrådet i Sogn og Fjordane

Det ligg an til mobilisering for å behalde Konfliktrådet i Sogn og Fjordane. Fleire av Stortingsrepresentantane frå fylket stiller seg kritisk til forslaget om å flytte kontoret og dei tilsette frå Førde til Bergen.

Liv Signe Navarsete

ØNSKER MOBILISERING: Stortingsrepresentant Liv Signe Navarsete ber stortingsbenken kjempe saman for å behalde Konfliktrådet sitt kontor i Sogn og Fjordane.

Foto: Senterpartiet

– Om kontoret vert flytta frå Førde til Bergen blir det ikkje lenger eit lågterskeltilbod. Eg vonar stortingsbenken vil kjempe saman for å behalde Konfliktrådet sitt kontor i Sogn og Fjordane, seier Liv Signe Navarsete (Sp)

Talet på kontor under Konfliktrådet kan bli redusert frå 22 til 12. No ligg det an til ny distriktskamp, kort tid etter massive protestar mot inndelinga av politidistrikta.

Leiar for politiet i Sogn og Fjordane, Arne Johannessen, har gått hardt ut mot forslaget.

LES OGSÅ: Distriktsopprør mot forslag om å sentralisere Konfliktrådet

– Omorganiseringa av Konfliktrådet vil, om det vert gjennomført, vere eit nytt sentraliseringstiltak frå den blåblå regjeringa. Det føyer seg inn i rekkja av tiltak der gode tenester vert sentralisert bort frå folk i Sogn og Fjordane. Nett denne tenesta er svært viktig å behalde, ikkje minst for ungdommane i fylket vårt, seier Navarsete.

Ingrid Heggø (Ap)

UFORSTÅELEG: Ingrid Heggø (Ap) forstår ikkje kvifor ein skal legge ned noko som fungerer godt.

Foto: Terje Heiestad / Stortinget

Ho får støtte av Ingrid Heggø (Ap).

– Nye tenester skulle leggast til fylket, men det går tregt. Eg forstår ikkje kvifor ein skal legge ned noko som fungerer godt, seier Heggø, som meiner nærleik og lokalkunnskap er avgjerande for at ei teneste skal fungere godt.

Ulike forslag

I innstillinga frå Konfliktrådet ber dei om ei organisering som er meir i tråd med politireforma, det vil seie ei redusering av talet på kontor frå 22 til 12. Leiinga meiner endringa er naudsynt for å skape større og meir robuste fagmiljø. Ein av modellane som vart forkasta i innstillinga er å flytte administrasjonen, men behalde såkalla satellittkontor i fylket.

Tore Storehaug (KRF)

ANNAN MODELL: Tore Storehaug (KrF) meiner det er mogleg å behalde eit lokalt kontor i Sogn og Fjordane sjølv om administrasjonen vert flytta til Bergen.

Tore Storehaug (KrF) meiner ein må sjå nærare på denne modellen.

– Lokal forankring og folk er viktig. Her meiner eg vi kan lære av det som har skjedd på barnehusa siste året. Vi har fått på plass løyving til ei avdeling av Barnehuset i Sogn og Fjordane organisert under Barnehuset i Bergen. Det viser jo at lokalt kontor og kopling på eit større miljø ikkje utelukkar kvarandre.

Frida Melvær (H)

VENTAR OG SER: Frida Melvær (H), som sit i Justiskomiteen, seier ho har fått mange henvendelsar om saka.

Foto: NRK SOGN OG FJORDANE

Rapporten frå Konfliktrådet er inntil vidare unnateke offentlegheit. Difor er Frida Melvær (H), som også sit i Justiskomiteen, tilbakehalden med å kommentere innhaldet i den.

– Eg registrerer at rapporten vekker engasjement, og eg har fått mange henvendelsar frå heile landet om saka. Eg kan ikkje kommentere ei sak som ikkje er offentleg, men vil følge ho tett vidare.

Avgjersle før sommaren

Sveinung Rotevatn

IKKJE BESTEMT: Statssekretær i Justisdepartementet, Sveinung Rotevatn (V), seier det enno ikkje teke noko beslutning om framtidig organisering.

Foto: Jon Olav Nesvold / NPK

Det er leiinga i Justisdepartementet som no skal behandle saka.

– Førebels er det ikkje teke beslutningar om framtidig organisering, eller den vidare prosessen, skriv statssekretær Sveinung Rotevatn (V)