Heller ikkje denne gongen var stillinga lyst ut. (Sjå "Fleire sjefar tilsett utan utlysing".)
– Dette svekkjer ein alt tynnsliten tillit til Helse Førde, seier Aud Lunde i Fellesorganisasjonen for kommunalt tilsette.
– Uheldig
Det har berre gått ei veke sidan den nye administrerande direktøren i Helse Førde, Jon Bolstad, tilsette ein tidlegare kollega frå Rælingen kommune som ny økonomidirektør i helseføretaket. Dette vart gjort utan at stillinga vart lyst ut.
Jussprofessor Henning Jakhelln meinte at tilsetjinga var uheldig, og ikkje i tråd med god forvaltningsskikk.
Opne kort
Men i dag vart det kjent at Bolstad har henta med seg endå ein tidlegare medarbeidar frå Rælingen. Også denne tilsetjinga har gått føre seg utan noka form for utlysing.
Jon Bolstad seier til avisa Firda i dag at han har spelt med opne kort over for dei tillitsvalde. Men føretaksetillitsvald Harald Bjarte Reite seier at dei heile tida har vore kritisk til framgangsmåten til Bolstad.
Kameraderi
– Vi har heile tida meint at dette er stillingar som skulle vore lyst ut, og dette kan skape inntrykk av kameraderi, seier Reite.