Hopp til innhold

Forventar protestar mot fjordspenn over denne idyllen

Grunneigar kallar fjordspenn over Årdalsfjorden for øydeleggjande og uforståeleg.

Indre Ofredal - saga og mølla

HER: Fjordspennet skal gå over fjorden ikkje langt frå Indre Ofredal med den gamle saga og mølla.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Fredag vart det kjent at krafta frå Offerdal Kraftverk AS skal gå i eit 2,4 kilometer langt fjordspenn over Årdalsfjorden.

Regjeringa går imot ønska til Årdal kommune, som vil ha kabel i fjorden.

Det finn grunneigar Siri Benjaminsen vanskeleg å akseptere. Ho er grunneigar på Naddvik-sida av fjorden.

– Dette er eit stort vonbrot. I mange år har vi som grunneigarar, og som del av eit bygdesamfunn og ein kommune, kjempa mot at det blir bygd eit stort luftspenn over fjorden.

– Her har vi ein utbyggar som skal tene pengar på eit kraftverk i mange tiår, og så må samfunna rundt ta alle dei negative konsekvensane.

– Eg stiller spørsmål om høyringsinstituttet i kraftverksaker fungerer. For i denne saka har alle lokale høyringsinstansar gått for sjøkabel, men ikkje blitt lytta til, seier Benjaminsen.

Viktig for økonomien

Dagleg leiar Jacob Hornnes i Offerdal kraftverk og produksjonssjef i hovudaksjonæren Sognekraft, seier at eit luftspenn er viktig for økonomien i prosjektet.

– Vi har heile tida håpa på at vi skulle få fjordspenn over Årdalsfjorden. Fordi det er ganske stor differanse i utbyggingskostnad for desse to løysingane, seier Hornnes, og gjer det klart:

– Viss vi ikkje hadde fått løyve til fjordspenn, kunne det ha sparka bein under heile prosjektet, seier han.

Men Benjaminsen godtek ikkje argumentasjonen.

– Konsekvensen er vi mister det reine i Årdalsfjorden i tillegg til at store deler av landskapet langs fjorden blir øydelagt. Eg forstår ikkje at dette skal skje, eg forstår ikkje at ikkje lokalsamfunna har større innverknad på resultatet.

– Viss det er sjøkabel i fjorden som gjer at økonomien i prosjektet veltar, så er det kanskje ikkje så god økonomi i prosjektet. Då får det heller velte, meiner Benjaminsen.

Ordførar lei seg

Ordførar Arild Ingar Lægreid (Ap) er meir avmålt.

Arild Ingar Lægreid

LEI SEG: Men glad for konsesjonen. Ordførar Arild Ingar Lægreid (Ap).

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Eg glad for at Offerdal Kraftverk har fått konsesjon til å bygge ut i Ofredal. Det er viktig for lokalsamfunnet. Når det gjeld sjøkabel kontra line over fjorden så har kommunestyret vore klar på at dei ynskjer sjøkabel, seier Lægreid.

– Er du lei deg for vedtaket?

– Ja, eg er lei meg. Eg håpa jo at Olje- og energidepartementet skulle høyre på kommunen.

– Reknar du med at det blir ei utbygging no?

– Det er opp til selskapet. Men det ligg nok til rette for det.

– Reknar du med protestar?

– Ja. Men det ligg ein del jordkabel inne i dette alternativet. Eg håpar det let seg gjennomføre.

Naddvik mot Brendefjell

KONSEKVENSAR: Grunneigar Siri Benjaminsen meiner det er småsamfunn som Naddvik som må bere konsekvensane for kraftutbygginga i Ofredal.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK