Hopp til innhold

Sterke protestar mot nytt oppdrettsanlegg

RAUDEBERG (NRK): Planane om eit stort oppdrettsanlegg utanfor øya Silda skapar uro i fiskerinæringa. Oppdrettsselskapet lovar arbeidsplassar og ny teknologi, men på Raudeberg er dei redd det heile kan ende i oppseiingar.

Steven Jensen

KONSEKVENSAR: Steven Jensen meiner eit oppdrettsanlegg kan føre til mindre inntening både til eige selskap og ti til femten yrkesfiskarar som leverer fisk til Snorre Seafood i dag.

Foto: Silje Guddal / NRK

– Fisk som går rundt oppdrettsanlegg vert påverka av fór som vert gjeve til laksen. Den utviklar veldig feit struktur i kjøtet, vi kan rett og slett ikkje bruke fisken til ferskmarknaden, seier leiar Steven Jensen ved Snorre Seafood på Raudeberg.

Fiskemottaket har alt slutta å ta i mot fisk som er fiska nær oppdrettsanlegg i Nordfjorden. Jensen er redd det same skal skje med fiskeria rundt Silda.

– Konsekvensen kan bli mindre fisk på anlegget, mindre omsetnad, mindre arbeid og permitteringar eller oppseiingar som følgje av at vi ikkje får inn den fisken som vi skulle hatt normalt sett, seier Jensen.

Lovar samarbeid og ny teknologi

Det er Blom Fiskeoppdrett som ønskjer å bygge oppdrettsanlegg ved Silda. Selskapet ligg i Øygarden kommune, men Måløy-selskapet Coast Seafood eig heile 33,99 prosent. Dagleg leiar Øyvind Blom vil flytte konsesjonar til Silda, for å kunne veksle mellom lokalitetar. Han avviser at kvaliteten på villfisken vert forringa.

file:///C:/Users/n21935/AppData/Local/Microsoft/Windows/INetCache/Content.Outlook/O35AVN2M/Øyvind_Bl

VIL SAMARBEIDE: – Coast Seafood har ei betydeleg satsing i Måløy, og det er synergiar å hente ved å samarbeide med dei, seier Øyvind Blom om flyttinga til Silda.

Foto: Privat

– Det er ein myte at fisk som står ved oppdrettsanlegg har dårleg kvalitet. Forsking, som mellom anna NOFIMA har gjort på villfisk som har ete oppdrettsfór, viser at det er ingenting som tilseier at den har ein dårlegare kvalitet, seier Blom.

Anlegget dei har søkt om er på 5460 tonn maksimalt tillaten biomasse, og vil ha seks merdar. Blom seier dei vil investere i ny teknologi, og at dei har ingen interesser av at laksefôret skal gå i villfisken.

– Eg føler kanskje det vert ei overdriving at eit oppdrettsanlegg kjem til å øydelegge heile kvitfisket i Vågsøy kommune, det er ikkje slik det er. Vi kjem til å gjere alt vi kan for eit godt samarbeid med fiskarane.

Fiskarlaget protesterer

Sogn og Fjordane Fiskarlag protesterer mot planane, då dei trur oppdrettsanlegget vil føre til tap av arbeidsplassar. I følgje Blom vil to, tre personar ha fast arbeid på anlegget.

– Ser du på arbeidsplassane på Snorre Seafood og dei sjarkfiskarane det er snakk om, så er det kanskje fleire titals arbeidsplassar. Dei vil gå på kostnad av å etablere fire nye. Det vert ikkje noko plussrekneskap for meg i alle fall, seier formann Jan Magne Silden.

Jarl Magne Silden

SEIER NEI: Sogn og Fjordane Fiskarlag er redd lokale fiskarar vert pressa vekk frå fiskefelta sine, dersom det vert oppdrettsanlegg ved Silda.

Foto: Silje Guddal / NRK

Silden er også grunneigar på øya. Fiskarlaget er redd fiskarane tapar sine fangsområder, og dermed inntekt.

– Dei lokale fiskarane er ikkje så mobile, dei må lenger til havs eller nord om Stadt for i det heile å tene på dette, seier Silden.

Sogn og Fjordane fylkeskommune tek endeleg avgjerd i saka. Blom Fiskeoppdrett as har også inne søknad om å etablere anlegg på Husevågøy.