Hopp til innhold

Sterke protestar mot Hurtigrute-satsing

Hurtigruten vil satse, men folk fryktar at bygda skal bli like fullt av skip og turistar som har blitt tilfelle i Geiranger og Flåm.

MS Spitsbergen og MS Lofoten

FLEIRE NORSKE HAMNER: Hurtigruten skal ha fleire ekspedisjonscruise langs norskekysten. Her er MS Spitsbergen og MS Lofoten.

Foto: Stein Lillebo / Hurtigruten

– Eg, med fleire her i bygda, er sterkt kritisk til å opna døra på gløtt for eventuell cruisetrafikk. Då kan det eksplodera, seier Andreas Kvalheim, innbyggjar i Fjærland.

Det var Sogn Avis som først omtalte motstanden i bygda.

Hurtigruten er mest kjend som den klassiske turen langs norskekysten. Men dei er også størst i verda på ekspedisjonscruise. Etter at dei mista eineretten til å ha den klassiske ruta mellom Kirkenes og Bergen, ser dei på nye moglegheiter langs norskekysten frå 2021, i form av ekspedisjonscruise.

Nye hamner

– Det er veldig mange reisemål langs kysten som er veldig interessante, seier Rune Thomas Ege, kommunikasjonssjef i Hurtigruten ASA.

Kor mange og kva for hamner dei skal innom er ikkje bestemt. Men det blir langt færre enn dei 34 stoppa på kystruta, og med lenger liggetid på kvar plass.

– Det gir større moglegheiter til å skapa opplevingar for gjestene, saman med lokalsamfunna, seier Ege.

Hurtigruteskipet MS Fram på ekspedisjonscruise til Newfoundland.

INGEN MASSETURISME: Med små, spesialbygde skip tek Hurtigruten med gjestane til stader store cruiseskip ikkje kan besøka. Her er ekspedisjonsskipet MS Fram i Francois på Newfoundland førre veke. Den vesle canadiske plassen har 89 innbyggarar.

Foto: Chelsea Claus / Hurtigruten

Splittar bygda

Andreas Kvalheim

SKEPTISK: Andreas Kvalheim er redd Hurtigruten blir ei dør på gløtt for meir og større cruiseturisme.

Foto: Bård Siem / NRK

Men ikkje alle lokalsamfunn er glade for at Hurtigruten har dei på lista over moglege hamner. I Fjærland langs Sognefjorden er dei splitta. I bygda finst Norsk bremuseum og Den Norske bokbyen. No er det også planar om å bygga eit fjordsenter, kalla Marheim.

Eg er redd for at Hurtigruten-anløp på sikt kan øydeleggja bygda for oss som bur her. Det er kvalitetsturistar me driv me her i dag. Folk som er her i fleire dagar og brukar lokale guidar og aktivitetar, seier Andreas Kvalheim.

– Ei enorm moglegheit

– Dette er så stort at det ikkje berre er stort for Fjærland, men for heile distriktet, seier Hans Haugen, leiar i Fjærland bygdeutval.

Hans Haugen

HÅPAR PÅ HURTIGRUTEN: Hans Haugen, leiar i Fjærland bygdeutval.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Han er samd med cruise-motstandarane i at dei ikkje ønskjer masseturismen som kjem med cruisetrafikk. Men at ein må skilja mellom det og det tilbodet Hurtigruta vurderer å leggja til bygda.

– Det vil bety fleire heilårsstillingar og nye moglegheiter i Fjærland.

Ege i Hurtigruten er klar på at dei ikkje ønskjer å vera ein døropnar til masseturisme på stadene dei vel å gå for.

– Både i Fjærland og andre plassar langs kysten ser me ein større skepsis til masseturisme, og dei negative bølgjene har med seg. Det syns me er kjempebra, og me er heilt samde i den skepsisen.

– Det er plass til fleire turistar i Noreg. Men dei må spreiast til fleire stader over større delar av året, og veksten i reiselivet bør skje gradvis. Me er opptekne av å behalda det unike i dei hamnene me skal besøka, avsluttar Ege.