NRK Meny
Normal

Sterke nynorskkvinner fekk prisar

Magni Øvrebotten frå Naustdal og Olaug Nilssen frå Førde fekk begge prisar under landsmøtet til Noregs Mållag.

Magni Øvrebotten og Olaug Nilssen

GLADE: Både Magni Øvrebotten og Olaug Nilssen fekk prisar laurdag kveld.

Foto: Åsmund Berthelsen

Øvrebotten fekk Målprisen 2018 fordi ho er ei viktig nynorskkvinne.

– Ho er ein stolt og medviten nynorskbrukar som alt frå unge år synte at når ho måtte, så stod ho opp for nynorsken, står det i grunngjevinga.

Sjølv blei ho overraska då ho fekk meldinga om at ho skulle få prisen.

– Eg er ikkje så van med å ta imot prisar, så eg blei litt overraska, ja, fortel ho.

– Kva betyr prisen for deg?

– Eg tykkjer det stas og veldig kjekt å få ein pris som femnar om heile det aktive yrkeslivet, frå eg var ung journalist, til redaktør i NRK Sogn og Fjordane og no leiar for Nynorsk mediesenter.

Inspirert av bestemora

Ho fortel at bestemora kan vere ei av årsakene til det sterke engasjementet for nynorsken.

– Eg trur det kan ha med å gjere at bestemor mi lærte dansk i skulen. Ho tykte det var frykteleg å kjenne på å ikkje kunne norsk skikkeleg. Ho fortalde mellom anna at det gjorde til at ho takka nei då faren ville sende ho på lærarskulen. Det må ha gjort eit sterkt inntrykk på meg som unge, for det ligg der sjølv om besta ikkje var målkvinne slik eg oppfatta ho.

– Kor viktig har du vore for nynorsken?

– Eg har vel streta på. Eg kom tidleg inn i Gula Tidend som 17-åring. Det var ei markert nynorskavis, Eg har blitt truga med oppseiing i Nationen om eg ikkje brukte bokmål. Eg har stått opp mot det, for språket er så viktig for meg at var eg nøydd til å kjempe.

Ho trur at framtida for nynorsken er god i åra som kjem.

–Det har blitt sagt i tiår at nynorsken går nedanom og heim, men eg trur ikkje det skjer. Vi er for mange som framleis vil kjempe. Eg trur ein ny generasjon med redaktørar vil slutte å dyrke fordommar og frykte for oppslagsfall om dei brukar nynorsk.

Fekk pris for bok

Magni Øvrebotten var ikkje den einaste kvinna som blei heidra av Noregs Mållag.

Forfattar Olaug Nilssen frå Førde fekk Nynorsk litteraturpris for boka «Tung tids tale» som handlar om livet med eit autistisk barn. Det er Det Norske Teatret, Det Norske Samlaget og Noregs Mållag som står bak prisen, som er på 30.000 kroner.

– Årets vinnar er ein uvanleg sterk roman. Boka er skriven i eit knapt og usentimentalt språk, samstundes som forfattaren rører ved dei djupaste kjensler, forholdet mellom mor og barn, skriv juryen.

Nilssen er stolt og glad for prisen ho fekk.

– Det er godt å bli omfamna av sine eigne. Eg tykkjer også det er utruleg kjekt og fortent at Magni fekk prisen for det store arbeidet med nynorsken i alle år, seier ho.

Oddny Miljeteig frå Bergen blei heidersmedlem i Noregs Mållag.

Oddny Miljeteig, Magni Øvrebotten og Olaug Nilssen

TRE STERKE KVINNER: Oddny Miljeteig frå Bergen blei heidersmedlem i Noregs Mållag, Magni Øvrebotten frå Naustdal fekk Målprisen 2018 og Olaug Nilssen frå Førde fekk Nynorsk litteraturpris 2017.

Foto: Hallstein Dvergsdal