Hopp til innhold

Livredd for vêrmeldinga – tek inn færre gjestar

LOEN (NRK): Campingeigar stålset seg for nok ein heftig runde med uvêr etter at ferieidyllen blei forvandla til eit vindfylt mareritt.

Magne Beinnes

SOM EIN STOR KVIT VEGG AV UVÊR: Campingeigar Magne Beinnes beskriv uvêret som ein stor kvit vegg.

Foto: ASGEIR HEIMDAL REKSNES / NRK

– Det er meldt same vêr i dag, så vi må stålsette oss for ein ny omgang, seier Magne Beinnes på Sande camping.

Knuste ruter og telt ute på fjorden – vind skapte eit kraftig inferno i indre strøk på Vestlandet i går, men uvêret har ikkje tenkt å gi seg med det første. Meteorologane åtvarar mot lokalt kraftige regnbyer med torevêr.

På Sande Camping i Loen er det først i dag at campingeigaren tek inn over seg vêrkaoset som brått råka dalen.

– Det var kaos i fleire timar, og det er først i dag vi skjønar kva som har skjedd. I går måtte vi konsentrere oss om å hjelpe folk og samle saman eigendelar, seier Beinnes.

Magne Beinnes

«KOM OPP AV VATNET»: På måndag var det berre så vidt at nokre kajakkpadlarar kom seg opp av vatnet før den kraftige vinden tok dei. Frykta for uvêret gjer at Beinnes vil at campinggjestane held seg på land. Tysdagen har han brukt til å få folk til å halde seg vekke frå vatnet.

Foto: ASGEIR HEIMDAL REKSNES / NRK

Tek inn færre gjestar i frykt for ekstremvêr

Den røynde campingeigaren kjem ikkje til å gløyme herjingane til det brå uvêret med det første. Vettskremde gjestar har gjort eit stort inntrykk på han.

– Eg var forsiktig med å ta inn nye folk i går, så vi har på langt nær like mykje folk som vi pleier, seier Beinnes.

No er han uroa for at uvêret vil treffe campinga for andre dag på rad.

– Eg kjem til å gå rundt til gjestane for å prate med dei om kva som kan skje i dag.

DRAMATISK: Det var sterke krefter i sving då uvêret var på det verste. Forteltet på campingvogna til Erik Frang vart teke av vinden.

– Kan gjere store lokale øydeleggingar

Meteorolog Kristen Gislefoss utelukkar ikkje at det kan komme kraftig vind når det er venta lokalt kraftige regnbyer med torevêr. No ber han folk vere på vakt.

– Det kan alltid i forbindelse med torevêr skje at ein får skypumper i mindre format, så ein skal vere litt på vakt, seier han.

Toreskyer gjorde at ein kraftig tornado sette kurs rett mot store turistgrupper på Nigardsbreen i Sogn i går. Tornadoen gjorde øydeleggingar på ei kai og velta fleire tre på sin veg.

– Ei kan av og til i forbindelse med denne typen toreskyer få skypumper og mindre tornadoar. Då vil ein sjå ein virvelvind frå bakken og opp til skya. Denne typen vindsystem kan gjere store lokale øydeleggingar, seier Gislefoss.

Uvêr på Sande Camping i Loen

SOM EIN STOR KVIT VEGG AV UVÊR: Uvêret tysdag ettermiddag råka delar av Sogn og Fjordane hardt. Her frå Sande camping i Lodalen.

Foto: Janne Hogrenning Eimind