Hopp til innhold

Sterke inntrykk på verdas største speidarleir

Blant 35.000 speidarar frå 145 forskjellige land på verdsleir i Japan, finn vi eit titals deltakarar frå Sogn og Fjordane.

Speidarar frå Sogn og Fjordane på plass i Japan

STOR SAMLING: Delegasjonen frå Sogn og Fjordane har allereie knytt venskap med speidarar frå heile verda. Her med deltakarar frå Uruguay. Bak frå venstre: Marius Hovlandsdal Dyngen, Rasmus Andersen Hundvebakke (nummer tre i rekkja) og Roar Nornes (nest sist i rekkja). Framme frå venstre: Einar Sander Laugen Kristiansen, Gjert Klakeg Mulen, Sander Grinde og Sokrates Maximillian Vidnes.

Foto: Anders Myhr Nielsen / Norges Speidarforbund

I går kom delegasjonen frå fylket til sjølve leiren, etter å ha brukt nokre dagar på sightseeing i Hiroshima. Det var eit mektig syn som møtte dei, då fleire titals tusen speidarar frå alle verdsdelar var i full gang med å slå leir.

– Det er ein utruleg internasjonal atmosfære her. Det er berre å gå over vegen, så møter du nye og spanande folk å snakke med, seier Eirik Ulltang Birkeland, ein av seks speidarar frå Førde.

(Artikkelen held fram under biletet)

Leirlivet i Japan

UTAN MAT OG DRIKKE...: Speidarar frå Sogn og Fjordane, Rogaland og Hordaland kosar seg i skuggen frå teltet. Framme til høgre: Sander Grinde frå Nordfjordeid. Bakerst til venstre: Marius Hovlandsdal Dyngen frå Førde.

Foto: Anders Myhr Nielsen / Norges Speidarforbund

I løpet av dei neste dagane skal dei diskutere ulike samfunnstema og globale problem, dei skal lære om den japanske naturen og avleggje ein ny visitt til Hiroshima.

Verdsleiren fell nemleg saman med markeringa av at det er 70 år sidan byane Hiroshima og Nagasaki vart ramma av to atombomber slept ned av dei amerikanske styrkane.

Birkeland seier det var sterke inntrykk som møtte dei då dei vitja minnemuseet i Hiroshima for nokre dagar sidan.

– Det går ikkje an å førestille seg den totale smerta som var i den byen den dagen. Men vi kan prøve så godt vi kan å lære om det og prøve å unngå at det skjer igjen. Slik sett er speidarleiren eit gedigent fredsprosjekt, seier han.