Hopp til innhold

Møte med Lærdal gjorde inntrykk

For andre gong i år kom statsminister Erna Solberg til Lærdal som igjen er råka av katastrofe. Ho fekk høyre korleis bygda igjen er sett tilbake i tid.

Sterke inntrykk for statsministeren

TIL LÆRDAL FOR ANDRE GONG I ÅR: Statsminister Erna Solberg vitja laurdag Lærdal mindre enn eitt år etter ho såg skadane storbrannen gjorde i bygda. Inntrykka denne gongen var like sterke.

Foto: Jan Christian Jerving

Fleire timar forseinka kom Erna Solberg til Lærdal laurdag kveld. Det er mindre enn eit år sidan ho sist besøkte Lærdal – då etter storbrannen der 17 bustadhus vart øydelagde og 71 menneske huslause.

I kveld var det varaordførar Geir Berge Øverland som orienterte statsministeren om korleis bygda på nytt er blitt råka av ei katastrofe.

– Eg orienterte om korleis flaumen råka bygda og eg fortalde om den svært spesielle situasjonen Lærdal er i med to katastrofar på mindre enn eitt år.

(Saka held fram under bilete)

Lærdal møtte statsministeren med krav

MØTTE FLAUMRÅKA OG KOMMUNEN: Varaordførar Ger Berge Øverland til venstre, kravde fortgang i sakshandsaminga då statsministeren kom til Lærdal laurdag.

Foto: Jan Christian Jerving

Sterke inntrykk på rekkje og rad

Skildringane til Øverland skal ha gjort inntrykk på statsministeren.

– Ja etter ein lang dag med mange inntrykk gjorde det også inntrykk på henne å komme hit. Mindre enn eit år sidan sist ho var her.

LES OGSÅ: Sjå oversikt over dei enorme øydeleggingane

Statsministeren har hatt ein hektisk dag der ho har møtt flaumråda i Odda, Voss, Flåm og til sist Lærdal.

– Det verka som Solberg hadde stor forståing for problema og utfordringane til kommunen.

Øverland hadde likevel ei klar oppmoding til statsministeren.

– Vi meiner staten må trå til og få ein raskare sakshandsaming. Og ikkje minst når det gjeld Naturskadefondet. Der opplever vi at det kan gå opp mot to år for å få avklaring i saker. Det må gå raskare.

Raskare og meir pengar

Lærdal kommune har store landbruksareal som mellom anna vert nytta til poteter og frukt og bær, men som no har fått skader i flaumen.

– Vi har enno ikkje oversikt over kor store skadane i bygda er blitt. Men kombinasjonen av store skader på infrastruktur og landbruksareal er veldig uheldig. Vi har mellom anna store skader på alt vatningsanlegget i dalen.

I Flåm understreka Solberg at Lærdal var ein spesiell situasjon etter at byda er råka av både brann og flaum.

– Eg synest det er kjempeleitt. Lærdal skulle fått lov å bygge seg opp att, sa statsministeren.

På veg vidare mot hovudstaden køyrde Solberg gjennom dei mest flaumråka områda i Lærdal for å sjå kor store skader som er gjort i bygda.

Slik ser det ut i Lærdal etter flaumen som herja og førte til at 31 personar var evakuert.