Hopp til innhold

Sterk vind på fjellovergangane

Vind i kuling styrke i fjellet skaper utfordringar for helge-heimfarten. Ein fjellovergang er stengd, mens fleire har hatt kolonnekøyring.

Vestredalen, Aurland - Hol

OPNA ETTER KOLONNE: Slik såg det ut på fylkesveg 50 mellom Aurland og Hol, i retning Hol, søndag ettermiddag. Biletet er frå Vestredalen, 1134 m.o.h.

Foto: Statens vegvesen, nettkamera

– Det blæs kuling, og somme stader sterk kuling i fjellet, opplyser vaktoperatør Ketil Molvær ved Vegtrafikksentralen i Lærdal.

Anbefaler Filefjell

I 17-tida var det kolonnekøyring på fylkesveg 50 Aurland–Hol, riksveg 13 Vikafjellet. Begge stader måtte ein rekne med ventetid i retning Bergen.

Like før klokka 18 melder Vegtrafikksentralen at Vikafjellet er stengd grunna uvêr. Riksveg 7 over Hardangervidda har hatt kolonnekøyring, men er no opna for fri ferdsle. Det samme er no fylkesveg 50 Aurland-Hol.

Ketil Molvær

SVARER BILISTANE: Vaktoperatør Ketil Molvær ved Vegtrafikksentralen i Lærdal.

Foto: Privat

– Det er også mykje vind på rv. 52 Hemsedalsfjellet. Men her er det ope. For dei som kvir seg for å køyre i sterk vind, er det beste alternativet å køyre E16 Filefjell, fastslår Molvær.

Han strekar likevel under at situasjonen har betra seg på Hemsedalsfjellet, og vegmeldinga er nedjustert frå "kan bli innført kolonne på kort varsel".

Ein innringar som nett har køyrt Hemsedalsfjellet seier til NRK klokka 16.45 at forholda der ikkje var noko å kvi seg for.

– Det er flott på Hemsedalsfjellet, har nett køyrt over. Ikkje mykje vind, fortel bilføraren.

Riksveg 52 Hemsedalsfjellet

HEMSEDALSFJELLET: Slik såg det ut på riksveg 52 litt før klokka 17 søndag.

Foto: NRK.no-tipsar

Verre til til natta

Riksveg 15 Strynefjellet er ope med greie forhold. Det samme har E134 over Haukelifjell.

Ifølgje vaktoperatøren er det venta dårlegare vêr i fjellet frå 22-tida og utover natta.

– På til dømes Aurland-Hol skal det bli verre frå 22. Det har ein del som har ringt oss i dag. Trafikken flyt jamn, men det er ikkje snakk om ekstrem-utfart, seier Molvær.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Riksveg 13 Vikafjellet, ved Hestavollen

LITE SIKT: Riksveg 13 over Vikafjellet hadde først kolonnekøyring søndag, men er no stengd. Her frå Hestavollen 892 m.o.h.

Foto: Statens vegvesen, nettkamera

Mildvêr hindrar truleg meir problem

Etter at store deler av Vestlandet vakna opp til slapseføre søndag morgon, har det meste smelta bort i løpet av dagen, og vegane er stort sett berre.

– Vi blir berga av at det er så mildt når det er sterk kuling somme plassar. Det er komme lite nysnø, og den som ligg er såpass våt at den stort sett ligg i ro. Hadde det ikkje vore så mildt, hadde vi nok hatt kolonnekøyring fleire stader, trur vaktoperatøren ved Vegtrafikksentralen.