Meteorologisk institutt: - Folk må sikre lause gjenstandar

Overraskande sterk vind i vente, melder Meteorologisk Institutt som har sendt ut OBS-varsel for Sogn og Fjordane.

Video Storm ved Stad

VARSAM: Det er venta overraskande sterk vind på kysten laurdag. Det kan blåse liten storm (illustrasjonsbilete).

Foto: Nyhetsspiller

Meteorologisk institutt varslar sterk vind i vente laurdag.

– Det er venta sterk kuling og vinden kjem frå nord. Då er det yttarst på kysten som får det verst, seier statsmeteorolog ved Vervarslinga for Vestlandet, Marit Berger.

Det er venta auke til nordleg sterk kuling på kysten. Laurdag føremiddag kan det blåse ein liten storm yttarst på kysten. I løpet av laurdag kveld vil vinden minke.

– Varselet blir sendt ut først og fremst for at folk skal ta sine førehandsreglar, og sikre lause gjenstandar.

OBS-varselet som er sendt ut gjeld frå kysten av Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane.

– Fordi vi er i sommarhalvåret er sterk kuling kriteriet for å sende ut obs-varsel. Når vi bikkar oktober er kriteriet liten storm.

Varselet gjeld fram til laurdag klokka 16.