Hopp til innhold

Meiner det er på tide at kyrkja mister vigselsretten

Eit offentleg utval går inn for at alle ekteskap i framtida må skje hos byfogden elle sorenskrivaren. Forslaget får applaus frå leiar i Unge Venstre, Sveinung Rotevatn.

Rotevatn

VIL SKILJE: Sveinung Rotevatn meiner det er på høg tid at kyrkja mistar vigselsretten.

Foto: Junge, Heiko / NTB scanpix

Den liberale toppolitikaren frå Nordfjordeid står dermed stikk i strid med regjeringa som sabla ned forslaget frå Stålsett-utvalet knapt før det var lagt på bordet.

– Eg tenker at dette er ei fin oppfølging av det som har vore eit signal frå mange politiske parti no i mange år, ikkje minst i samband med den nye ekteskapslova, meiner Rotevatn.

– Fornuftig forslag

Han meiner det vil vere fornuftig å skilje dei juridiske delene av ekteskapslovgjevinga og religiøse trussamfunn.

– Det er jo ikkje snakk om å ta frå kyrkja eller andre til å arrangere bryllup. Men fordi det å inngå eit ekteskap har så store sivilrettslege konsekvensvar, så tenker eg at det er fornuftig at alle må ein tur innom sorenskrivar eller eit tinghus for å få gjort ting reint formelt, seier Unge Venstre-leiaren.

– Mindre diskriminering

Han meiner at dagens ordning der ulike religiøse trussamfunn har vigselsrett kan føre til diskriminering av ulik art.

– Det utvalet er uroa for, med rette, er at med dagens ordning, så kan Staten vere med å legitimere ein del diskriminering rundt om kring. Ein ser mellom anna det knytt til tilgangen homofile og skilde har til å gifte seg, hevdar Rotevatn.

Utval foreslår at alle ekteskap må inngåast borgarleg.

Kyrkja kan miste vigselsretten. Det er det svært delte meiningar om.

– La Staten ta seg av det

Han meiner at dette ikkje vil vere noko problem for statskyrkja og andre trussamfunn om forslaget skulle gå gjennom.

– Eg trur dette er noko kyrkja kjem til å leve godt med, og det er jo mange i kyrkja som har teke til orde for dette tidlegare. La Staten ta seg av det juridiske ved dette, så kan folk gifte seg i kyrkja før eller etter det og få religiøs velsigning nett slik dei vil, sler Rotevatn fast.

Sterkt usamd

Han møter sterk motbør frå leiar i Senterpartiet, kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete. Ho er sterkt usamd i Rotevatn sitt argument om at borgarleg vigsel vil føre til mindre diskriminering.

Liv Signe Navarsete

USAMD: Sp-leiar Liv Signe Navarsete.

Foto: Aas, Erlend / NTB scanpix

– Om ein ser litt attende i tid og framover dei siste ti åra, så har det jo vore ei stor endring i kyrkja si haldning til homofile og skilde. Det har skjedd fordi det har vore ein offentleg debatt og kyrkja har teke dette inn over seg og utvikla seg i takt med det å vere ei open folkekyrkje, seier Navarsete til NRK.

– Lang reiseveg

Ho meiner og at saka har ei distriktspolitisk side som i liten grad har vore sett fokus på, nemleg at for dei fleste vil det vere lang reiseveg til byfogd eller sorenskrivar.

– Eg tykkjer Rotevatn neglisjerer konsekvensane av det forslaget som vart lagt fram i dag. For veldig mange så betyr ein tur til sorenskrivaren ikkje berre å stikke innom på veg til fotografen, seier Navarsete.