Sterk storm ved Stad

Vêrvarslinga på Vestlandet opplyser at det tidleg natt til i dag vart målt sterk storm ved Stad. På det meste var vindstyrken 40 sekundmeter i kasta. Grensa for orkan er 32 sekundmeter. Ved Ytterøyane fyr vest for Florø vart det samstundes meldt full storm. På Kvamsfjellet i Jølster vart det i natt målt vindkast på 39 sekundmeter, det vil altså seie orkan i kasta. I halv sekstida torsdag morgon blåste det full storm på kysten av Sogn og Fjordane.

Storm ved Stad
Foto: Jon Frogner