Hopp til innhold

Yngst i eliteserien, og Noregs beste i aldersklassa

Gard Eiken Flage feia all motstand til sides då han i helga vart Norgesmeister i 10-ball i Oslo. – No drøymer eg om EM-medalje i sommar, seier biljardtalentet frå Hyllestad.

Gard Eiken Flage

BEST: Gard Eiken Flage trenar saman med og får gode råd frå førebileta sine, Steffen og Tommy Wolff. – Dei kjem med forslag i ulike situasjonar i spelet om kva ein kan gjere for å finne nye moglegheiter, seier 15-åringen.

Foto: Arnhild Eiken

I helga markerte Hyllestad seg sterkt, med 19 deltakarar og 14 medaljar under junior-NM i Oslo Biljardsenter.

Fire av desse i edlaste valør fordelt på to deltakarar.

– Dette er utruleg morosamt, og viser at Hyllestad gjer det bra i biljard, strålar Gard Eiken Flage.

Slo lagkamerat

15-åringen er den yngste på kring ti år som spelar i eliteserien i biljard. Denne helga feia han all motstand til side då han tok sin andre og tredje NM-medalje i si eiga aldersklasse, U17.

I 10-ball finalen vart det til slutt 5–0 over lagkamerat Stein Tore Nybakk. Siger vart det også i 14.1-finalen søndag.

– Det har eigentleg gått ganske bra. Med unntak av andre kampen i 10-ball, så har eg vunne kampane med god margin, strålar biljardtalentet som blir 16 år i juli.

Frykta tap

Størst motsand fekk Flage mot 13 år gamle Simon Tomassen frå Alta. Finnmarkingen vert rekna som eitt stort talent, men også han måtte sjå seg slått av sin to år eldre motstandar frå Hyllestad.

Hyllestad biljardklubb på junior-NM

STOR TROPP: Hyllestad stilte med 19 deltakarar i NM. Her representer ved Nina Torvund, Mats Tonning Solstad, Vilde M. D. Holme, Eirik Tonning Hatløy, Mia Eikelid, Katja Wolff og Magnus Sæther.

Foto: Arnhild Eiken

Flage vedgår at han frykta for sigeren.

– Eg leia 4-1, men så spelte han veldig bra og utlikna til 4–4. Det har skjedd før at eg har tapt etter å ha leia mykje, men så bomma han på den femte siste kula si. Då tok eg resten og vann, fortel han.

Yngst i eliteserien

Stein Tore Nybakk

SØLV: Det vart ein rein Hyllestad-finale i U17-årsklassa for gutar. Stein Tore Nybakk tok sølvet.

Foto: Arnhild Eiken

15 år gamle Flage håpar no innsatsen i helga gir han billett til sommarens junior-EM. Svaret får han i etterkant av helgas NM.

– Eg fekk 17.-plass som beste plassering i 2014, og tre niandeplassar i fjor. No har eg lyst på ei EM-medalje, seier han og reknar sjansen som størst i 8- eller 9-ball.

I debutsesongen i eliteserien er Flage per no ranka som nummer 22 av 32 spelarar. Medan konkurrentane har med seg poeng frå i fjor, har 15-åringen berre delteke i to turneringar.

Desse gav han 17. og 9.-plass.

– Eg er nøgd om eg endar blant dei 20 beste. Det bør vere mogleg, seier han.

– Det er jo kjekt og god trening i å måle krefter med dei beste i Norge. Eg er budd på tøffe kampar, men tanken er å spele for å ha det kjekt og å ta dei setta eg får, legg han til.

– Dei blir ikkje kjepphøge mot deg då?

– Nei, det går stort sett bra. Det er ikkje eg som har presset på meg, og blir dei det så får eg berre ein ekstra giv til å vinne.