Hopp til innhold

Helgas beste norske hoppar, men er likevel ikkje trygg på OL-plass

Anders Fannemel var best av dei norske hopparane under begge hopprenna i Austerrike i helga. Likevel er ikkje Honndølen sikker på om han får vere med til OL.

Anders Fannemel leverte et solid hopp i andreomgang og klatret fra niende til femteplass.

– Det var herleg å få til eit bra skihopp om ikkje anna. Det nærmar seg, og eg heng plutseleg heilt med i tet. Hadde eg fått det til enno litt tidlegare, så kunne eg vore heilt oppe i teten og kjempa, seier Anders Fannemel.

Eit flott skihopp på 193,5 meter i andre omgang av søndagens skiflygingsrenn gjorde at han hamna på femteplass, og dermed vart beste norske hoppar i konkurransen. Rennet vart vunne av slovenske Peter Prevc, som tok sin første verdscupsiger.

– Eg surra litt i alle hoppa, bortsett frå det siste. Eg er glad for at eg klarer å ta meg saman, og har progresjon, seier Fannemel, som også under laurdagens renn vart beste norske, då på ein 20. plass.

Anders Fannemel

GODT NØGD: Anders Fannemel jublar etter å han landa på 193, 5 meter i andre omgang.

Foto: Solum, Stian Lysberg / NTB scanpix

Usikker på om OL-billetten er sikra

Med under ein månad att til OL, er Fannemel likevel usikker på om helgas prestasjonar har sikra han ein plass på laget som skal til OL.

– Renna neste helg har mykje å seie for uttaket. Eg må berre jobbe på vidare, og så håpar eg at eg får vere med til OL, seier han og legg til at han er spent på avgjersla.

Etter helgas hopp er Fannemel uansett førehandskvalifisert til å vere med på VM i skiflyging, etter at han kom seg inn i topp ti i den samanlagde skiflygingsverdscupen.

Vil ikkje bli for sjølvsikker

Hoppsesongen så langt har vore ujamn for Fannemel sin del. Under Hoppveka i starten av månaden, vart han i sitt beste renn i Garmisch-Partenkirchen nummer fire, medan han i Oberstdorf ikkje ein gong kvalifiserte seg til rennet. I Innsbruck vart det 36. plass, og ingen finaleomgang.

– Hoppinga mi blir meir og meir stabil, og eg får meir kontroll på teknikken. Eg har vore nest beste nordmann til no i sesongen, så eg må berre gjere dei dårlege hoppa mine betre, så blir det bra.

Sjølv om han er inne i ein god periode no, er Fannemel oppteken av å ikkje la seg rive med.

– Eg må passe meg så eg ikkje blir for sjølvsikker. I skihopping går det opp og ned, og det er lite som skal til før eg landar midt på kulen. Eg må ta eit hopp om gongen framover, så håpar eg at det blir bra. Eg håpar eg er med i toppen neste helg, og eg gler meg til nye renn.