NRK Meny
Normal

Sterk historie om døden og livslang kjærleik fenga flest

NRK Sogn og Fjordane har aldri hatt fleire lesarar på nett enn i 2014, og nokre saker fenger lesarane meir enn andre. Her kan du klikke og sjå dei mest populære sakene våre i år.

1. Magny og Anders var gifte i 65 år – døydde med nokre timars mellomrom

Held lag heilt til det siste

FLOTT OG TRIST: Historia om Magny og Anders som levde saman til siste slutt blei den mest lesne saka vår i 2014.

Foto: privat

For reporter Vidar Gudvangen blei dette ei sterk oppleving om døden – og om den evige kjærleiken. I 1949 gav Magny og Anders kvarandre sitt ja til døden skulle skilje dei. 65 år seinare gjekk dei ut av tida, med nokre timars mellomrom.

2. Kjøparen døydde, verftet gjekk konkurs – no ligg spøkelsesyachten i fjordbygda

Skandaleyacht til fleire hundre millionar ligg stranda i Vevring.

MEST LEST: Saka om det rustne vraket i Vevring var den mest leste nettsaka i NRK Sogn og Fjordane i 2014.

Ei utruleg historie, skildra av reporter Sindre Sunde Tveit. I den idylliske bygda Vevring i Førdefjorden skuggar eit stort spøkelsesskip for utsikta. Ingen i bygda veit kven som eig skroget. Og han som ein gong skulle kjøpe det døydde av hjerneslag.

3. Kinesarar køyrde Rallarvegen med bil

Vatnahalsen hotell Montasje

KINESARAR PÅ TUR: Det blei trongt om plassen for kinesarane som ville køyre Rallarvegen.

Foto: Merete Humo Høidal / Arne Veum / NRK /Aurlendingen

Du store kinesar for ei turistsak! Reporter Eirik Hildal si sak om kinesarane som la ut på rallarvegen i bil fekk stor merksemd, om ikkje i Kina, så i alle fall blant lesarane våre på nett.

4. Mislikar du hoggormar, så er dette dårleg nytt

Gunnar Gytri filma denne ormen på ein tur ved Bringeland i Gaular kommune.

USIKKERT VÅRTEIKN: Hoggormen buktar seg fram på Bringeland i Gaular.

I år var det mange hoggormar i naturen rundt oss, svært mange. Alt i mars oppdaga den ivrige turgåaren årets første av dei giftige krypa, skreiv reporter Oddleif Løset.

5. Tosifra tal trehus står i brann – no har flammane nådd gamle Lærdalsøyri

Brann i Lærdal

SVÆRT DRAMATISK: Brannen i Lærdal i januar er ein av dei største brannane i Norge i moderne tid.

Medan flammane vart kasta rundt i Lærdal, sat resten av nasjonen og venta på nytt. Reporterane Ernst Larsen, Stine Kyrkjebø Johansen og Rune Fossum jobba gjennom heile natta for å oppdatere publikum.

6. Sjå helikopterbilete frå flaumen

Sjå Flåm frå lufta etter flaumen sine herjingar.

STORE ØYDELEGGINGAR: Flaumen gjorde folk huslause i Flåm.

I slutten av oktober kom flaumen ingen hadde trudd skulle kome. Flåm i Aurland blei svært hardt råka, og dagen etter kom dei første bileta frå elva sine herjingar i Flåmsdalen. Sterke bilete og skildringar frå reporterane Heidi Lise Bakke, Oddleif Løset og Stine Kyrkjebø Johansen.

7. Vinden har stilna, men det brenn framleis

Brann Lærdalsøyri

STERKE INNTRYKK: Brannen i Lærdal i januar.

Foto: Ida Tønnesen

Det er laurdag kveld i Lærdal. Brannen startar i eit bustadhus på Lærdalsøyri, og i løpet av natta er den største bybrannen i Norge sidan krigen eit faktum. Reporter Arve Uglum var ein av dei første journalistane på brannstaden.

9. Eigaren av denne doningen fekk eit gebyr på 158.000 kroner

Tsjekkisk vogntog i Rysjedalsvika

BOM FAST: Det tsjekkiske vogntoget ville køyre på smale vegar. Det kosta eigaren dyrt.

Foto: NRK-tipsar

Det er ikkje alltid like lett å ta seg fram på norske, smale vegar, kunne reporter Kjell Arvid Stølen skildre. Det fekk ein tsjekkisk vogntogsjåfør erfare då han prøvde å kome seg fram til Lavikdalen med deler til eit kraftverk. Vogntoget blei stogga i Rysjedalsvika, og eigaren måtte punge ut.

10. Høyrde ein enorm lyd - fekk filma siste delen av raset som kom ned på garden

Frank Aalen filma steinraset ved Fortun.

Ras er noko vi må leve med i Sogn og Fjordane, så også i Fortun i Luster. «Då eg var sikker på at vi ikkje var i fare tok eg fram mobilen og fekk dokumentert den siste fasen av raset», fortalde Frank Aalen til reporter Kjell Arvid Stølen.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå