NRK Meny
Normal

Sterk framtidstru for jubilantane

NORDFJORDEID (NRK): Optimismen var stor då Helse Førde feira jubilantane Nordfjord sjukehus og Nordfjord psykiatrisenter.

Nordfjord Sjukehus

EIN AV JUBILANTANE: Nordfjord sjukehus kan feire at det var 80 år sidan dørene opna for første gong.

Foto: Ottar Starheim / NRK

– Tilstanden til jubilanten er veldig bra. Vi har eit høgst oppegåande sjukehus og psykiatrisenter som yter gode tenester til Nordfjordingane, seier leiar ved Nordfjord sjukehus, Tone Holvik.

Nordfjord

GODE TENESTER: Jubilantane lever i beste velgåande, meiner leiar ved Nordfjord sjukehus, Tone Holvik.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Denne veka feirar Helse Førde jubilantane Nordfjord sjukehus og Nordfjord psykiatrisenter. For 80 år sidan opna sjukehuset dørene for første gong, og for 25 år sidan gjorde psykiatrisenteret det same.

I 1936 opna sjukehuset på Nordfjordeid etter ei stor pengegåve frå den amerikanske mangemillionæren William H. Singer som var busett i Olden.

– Det er stor forskjell på korleis det var den gongen, og korleis det er no, seier Holvik.

Nærleik til tenestene

Ein av dei som har merka godt til endringane i tilbodet er lege i Stryn, Anne Stubdal. Stubdal kom frå Oslo i 1977 og til eit fylke med eit heilt annleis helsevesen.

.– Det var ikkje eit psykiatritilbod her i fylket. Det var nokre psykiatriske sjukeheimar, men dei som var der var langtidspasientar. Med tilfelle av alvorleg akuttpsykiatri var Bergen den næraste staden som kunne hjelpe.

Nordfjord

VAR MED PÅ FESTDAGEN: Lege Anne Stubdal og overlege Trond Arre var begge med på feiringa av jubilantane i Nordfjord.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Stubdal legg vekt på viktigheita av nærleik til eit tilbod når nokon treng hjelp.

– Etter kvart har vi sett at nærleiken til eit lokalt behandlingstilbod er avgjerande. Det er lettare å ta kontakt og få gode råd, samt kortare ventelister.

Både oppturar og nedturar

Etter ein langvarig strid er Nordfjord sjukehus i dag ein pilotmodell for framtidas lokalsjukehus i Norge.

– Tilstanden er nær sagt oppsiktsvekkande god for ein 80-åring. Det har vore både oppturar og nedturar. Det vi ser no ved jubileet er at framtida ser veldig lys ut for begge to, seier Bjørlo.

Bjørlo

SKAPAR MANGFALD: Jubilantane skapar større mangfald i lokalsamfunnet, meiner Eid-ordførar Alfred Bjørlo.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Det er optimismen som rår når det gjeld framtida til Nordfjord sjukehus og Nordfjord psykiatriske senter, meiner Eid-ordførar Alfred Bjørlo.

– Her på Eid har ein allereie vore gjennom omstillinga som mange av helseinstitusjon må gjennom i åra framover. Aktivitet her er større enn før omstillinga tok til i 2011. Det er 300 tilsette og nær 40 000 konsultasjonar i året. Aktiviteten er enom.

Med 320 tilsette har jubilantane ein sentral posisjon i Nordfjord, meiner Bjørlo.

– Det betyr kolossalt mykje. Dette skapar eit mangfald i lokalsamfunnet, både her og i områda kring oss. Ringverknadane av å ha ein sånn helseinstitusjon er store.

.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå