- Eit historisk godt resultat seier leiar i Sogn og Fjordane Skikrins, Inge Fænn i ei pressemelding.
- Aldri før har ein hoppar frå fylket teke medalje i hopp på Hovudlandsrennet. Dette er eit svært gledeleg resultat, seier han.
Gode stilpoeng
Fannemel hoppa 61 meter på førstehopp, og auka til 62,5 meter i andrehopp. På grunn av sterke stilpoeng tok han bronseplassen framfor Sigurd Søberg som hadde eit lengre hopp enn Fannemel.
.- Eg har hoppa betre på trening, og hadde nok litt å gå på. Men eg er eigentleg veldig nøgd med bronsen, seier Lorentz Fannemel til Fjordingen like etter premieutdelinga.
Langrenn
I langrennsøvingane stod stryningen Johan Eirik Meland for beste prestasjon frå fylket. Han skøyta seg inn til ein sterk 11. plass, berre 26 sekund bak vinnaren. Førdianaren Gøran Tefre gjekk inn til 21. plass i same klasse.
I klasse G16 vart Hallvard Sørheim Evjestad (IL Bjørn) nr. 34, over minuttet bak vinnaren.
Å rekne som NM
Hovudlandsrennet er å rekne som NM for 15 og 16 åringar. Det er Øyer-Tretten IF, Gausdal Skilag, Søre Ål IL og Lillehammer Skiklub som arrangerer Hovudlandsrennet på ski, nordiske greiner i 2009.