Hopp til innhold

Steinsprang stengjer vegen til Honningsvåg

Innbyggjarane til bygda Honningsvåg i Selje er isolerte etter at steinar ramla ned og gjorde store skader på eit rasoverbygg i går kveld ved Kleiva.

Stengt til Honningsvåg i Selje

ISOLERTE INNBYGGJARAR: Innbyggjarane i Honningsvåg i Selje er isolerte etter at steinar i går kveld øydela eit rasoverbygg.

Foto: Privat

Fylkesveg 633 til Honningsvåg i Selje er stengd etter steinsprang. Stein skal ramla ned over eit rasoverbygg som skal ha fått store øydeleggingar.

Vegmeldingssentralen i Lærdal seier dei fekk melding om steinspranget i går kveld.

Geolog på plass måndag

– Det skal ha komme eit hol i rasoverbygget på 60 – 70 cm. Men det er vanskeleg å seie kor store steinane har vore for dei rasa vidare ned i fjorden, seier trafikkoperatør Ketil Molvær.

Det er bestemt at vegen ikkje blir opna att før måndag, tidlegast. Då skal ein geolog sjå på sleppområdet og rasoverbygget må også bli gjort ei vurdering på kor omfattande skadane er.

Vegen har tidlegare vore stengt etter at steinar rasa ned og trefte ein bil.

– Ubehageleg å vere isolerte

For dei rundt 40 innbyggjarane i Honningsvåg i Selje er dette ein fortvila situasjon for dei er rett og slett isolerte. Asbjørg Haugen Honningsvåg likar ikkje situasjonen.

– Det er svært ubehageleg å vere isolerte. Skal vi ut av bygda må vi ut i ope hav eller gå over fjellet.

Ho skulle feira sin eigen bursdag i dag, men det blir utan gjestene som var inviterte.

– Vi har tre gutar som har måtte overnatte her frå laurdag fordi vi var innesperra, så det blir dei og familien.

Er blitt herda

Honningsvåg seier innbyggjarane er blitt vande med at det kjem ned steinar heile tida på strekninga mellom Honningsvåg og Leikanger.

Asbjørg Honningsvåg

JUBILANT UTAN SELSKAP: Asbjørg Honningsvåg har bursdag, men måtte avlyse selskapet etter at steinar har øydelagt eit rasoverbygg. No er byda isolert.

Foto: Privat

– Men det er med uggen følelse eg inviterer folk til bygda. Kva viss det skjedde noko med dei? Det hadde eg ikkje orka å ha på samvitet.

Ho krev fortgang i arbeidet med å rassikre vegen. Det er planlagt oppstart i 2016–2017, men ho meiner samfunnet kastar vekk pengar på mellombelse løysingar.

– Mellombelse løysingar kostar mykje pengar, og er ikkje godt nok. No må vi få fortgang i rassikringa.

No er ho spent på korleis dei skal komme seg på jobb og skule på måndag. Og om dei tre gutane som er på overnatting må overnatte til måndag og.