Stengt på Hemsedalsfjellet

Fylkesveg 52 over Hemsedalsfjellet er no stengd. Årsaka er at tre semitrailerar har fått problem etter Borlaug på veg opp på fjellet. Det skal vere glatt på staden. Bergingsbil er på veg, men vegtrafikksentralen er usikker på når den er framme.