Stengt på grunn av ras

Fylkesveg 615 mellom Hope og Hyen er stengd på grunn av steinras. Også i går gjekk det ras om lag på same staden. Atle Henrik Hjelle, som var den første som kom til staden i dag, fortel at det er to store steinblokker som har kome ned og stenger vegen. Den eine steinen er på to meter. Entreprenør er framme på staden.