Hopp til innhold

Stengjer veg på grunn av rasfare

Fylkesvegen til Låvi i Aurland er akkurat opna etter å ha vore stengd på grunn av ras. Vegen opp til Flåmsdalen er stengd på grunn av rasfare.

Opna vegen til Låvi

JOBBAR FOR FULLT: Mannskap frå teknisk etat fekk opna vegen til Låvi med gravemaskin, men det er store mengder vatn i vegen.

Foto: Arne Veum / NRK

– Det har gått eit jord- og steinras på ein kommunal veg som går til grenda Låvi, seier ordførar i Aurland, Noralv Distad.

Vegen var stengd i vel ein time, men vart opna like etter klokka 16.

Mannskap frå teknisk etat er på staden og utfører arbeid med gravemaskin for å få vassmengdene unna.

– Dei vurderer situasjonen fortløpande, seier Distad.

Stor vassføring i mange sideelvar

Meteorologisk institutt sende laurdag ut OBS-varsel på grunn av store nedbørsmengder, og søndag vart det sendt ut nytt varsel. Samtidig sende Norges vassdrags- og energidirektorat ut eit flaumvarsel på nivå to.

– Det er generelt veldig stor vassføring i alle sideelvar og jorda er veldig metta sidan det har vore mykje regn over lang tid. Vi er uroa for at det kan komme fleire ras og at det er fleire vegar som kan verte stengde, seier Distad.

Like før klokka 16 vart også vegen opp til Flåmsdalen stengd ved Dalsbotten på grunn av rasfare.

Jobbar på vegen til Låvi

MYKJE VATN: Det er store mengder vatn i vegen til Låvi.

Foto: Arne Veum / NRK

Dropp køyreturen viss du kan

– Vi oppmodar alle som ferdast på vegane om å vere forsiktige og unngå å køyre på rasutsette vegar viss det ikkje er heilt naudsynt, seier Distad.

Kommunalt tilsette er no ute på forskjellige stadar i kommunen for å halde eit auga med vassføringa i dei forskjellige elvane.

– Det er ute både folk frå teknisk eining, samt dei som har vakt. Vi har også kontakt med lokalbefolkninga rundt omkring som melder ifrå om korleis situasjonen er, seier Distad.

Han legg til at dei som bur på dei mest rasutsette stadane er vane med å oppleve slike situasjonar.

– Dei veit at det kan vere vanskelege forhold, og er observante og forsiktige. Det er også meldt mykje nedbør framover, så vi ber folk om å ta omsyn, seier Distad.

Dalsbotn og Låvi

Tek høgde for at det vert verre

I nabokommunen til Aurland, Voss, er det meldt om store utfordringar knytt til mykje nedbør og høgt vasstand. Mellom anna er E16 stengd og NVE åtvarar mot femtiårsflaum i Hordaland.

– Vi må ta høgde for at det kan bli verre her hjå oss også. Vi er ein kommune som ligg langt sør, og vi må vere budde på at det kjem mykje nedbør, seier Distad.

Han er klar på at det er krevjande må ha oversikt når mørket har falle på.

– Vi er avhengige av at folk melder inn til oss om det dei ser. Ring inn dersom du ser noko av interesse, seier Distad.

Telefon til teknisk vakt i Aurland kommune er 57 63 29 05. Der ringjer du dersom du ser noko som skjer på dei kommunale vegane.