Hopp til innhold

Stengjer vatnet

I Måløy blir ein god del innbyggjarar utan vatn i minst seks timar i dag. Mellom anna vil ungdomsskulen i byen vere utan vasstilførsel. Fjordenes Tidende skriv at grunnen er tilkopling av ein ny hovudleidning for vatn. I tida etter at leidningen er kopla på, kan det bli litt misfarging på vatnet.