Hopp til innhold

Dette blir det slutt på i Eid - naboane jublar

Formannskapet i Eid vil at slam- og kloakkdeponiet i Hjelmelandsdalen skal stengast frå 2016. Det er naboane til anlegget særs letta over.

Det går mot slutten for kloakktømminga i Hjelmelandsdalen i Eid.

SLUTT: Dersom naboane og formannskapet i Eid får det som dei vil, så blir det slutt på slam- og kloakktømming i Hjelmelandsdalen i Eid.

Foto: Per Asle Hjelmeland

– Det er veldig gledeleg, for spesielt dei siste åra har det vore ein forferdeleg stank, seier ein av naboane, Asgeir Bakke.

Anlegget har vore i drift sidan 90-talet, og vorte bygd ut etter kvart, til naboane si store fortviling. No vil kommunen etter alt å dømme ikkje forlenge avtalen med Miljøservice, som driftar anlegget, når den går ut i 2015.

– Det har vore fleire episodar med ureining og luktproblematikk. Vi meiner tida er inne for å avslutte drifta på dette anlegget, seier ordførar i kommunen, Alfred Bjørlo.

Asgeir Bakke er ein av naboane til kompostanlegget på Eid.

GLAD: Etter fleire år med luktplager, ser nabo Asgeir Bakke fram til å kunne gå tur i skogen utan å bli plaga av kloakklukt.

Foto: Eva Marie Felde

Fleire klager på drifta

Saka skal opp til endeleg avgjerd neste veke. Slam og kloakk frå alle kommunane i Nordfjord blir samla på anlegget i Hjelmelandsdalen. Og naboane har fleire gonger klaga på drifta.

– Vi har nesten ikkje kunne gått ut om døra, og må stenge igjen vindauga, seier Bakke, som no er optimist.

Fylkesmannen sa til NRK i vinter at dei hadde sett at ting ikkje fungerte som det skulle ved anlegget.

– I dag fungerer det ikkje slik det skal, eller etter dei krava vi har sett. Bedrifta er nøydd til å gjere nokre tiltak. Det tilsynet vi hadde i fjor, gjorde det klart at dei ikkje kunne halde fram med det omfanget dei hadde. Dei fekk heller ikkje løyve til å auke mottak av slam, før tiltak var gjennomført, sa assisterande Fylkesmiljøvernsjef Gøsta Hagenlund, til NRK i mars.

Uklart kven som vil ta imot avfallet

Dersom det går naboane sin veg, og anlegget må stogge mottak av slam og kloakk, så er det framleis uklart kven som kan ta på seg eit slikt ansvar. Ordførar Bjørlo håpar det interkommunale Nordfjord Miljøverk, NOMIL, tek over, men det kan ikkje dagleg leiar, Svein-Ottar Sandal, garantere.

– Det er ikkje vår oppgåve å drive deponi, og heller ikkje komposteringsanlegg. Så i den grad vi skal ta over, så må vi ut med anbodsrunde på innsamling og handtering av slam, seier Sandal.

Han avviser også at NOMIL sjølve vil bygge opp eit anlegg som kan ta i mot slam og kloakk.

Luktar ille

PROBLEM: Naboane til slam- og kloakkanlegget har mange gonger klaga på lukt, og at avfall frå anlegget har rent ut i naturen like ved anlegget.

Foto: Per Asle Hjelmeland

– Vi vil ikkje bygge eit nytt anlegg, og det er ikkje aktuelt å gå inn i anlegget som ligg i Hjelmelandsdalen. Det er ein del problem knytt til drifta av slike anlegg, så vi vil kjøpe tenester hjå andre.

Å byggje opp eit slikt anlegg tek fleire år, og no er det eit og eit halvt år til anlegget i Eid truleg blir avvikla. Dermed må selskapet som vinn eit eventuelt anbod sjå til eit eksisterande anlegg. I dag finst slike i Førde, Sogndal og Gulen i tillegg til Eid. Om desse anlegga har kapasitet til å ta i mot avfallet frå Nordfjord er uklart.

Håpar stenging fører til fleire folk i dalen

Sandal håpar det blir opna for å forlenge drifta i Eid om det skulle bli vanskeleg å levere kloakken frå seg.

– Det spørsmålet må vi kome tilbake til, er Bjørlo sitt svar.

Med eit og eit halvt år på seg til å skaffe ein ny stad å levere avfall, burde ein ha god tid. Avtaleperioden går ut 2015, så må det bli opprydding etter det, seier han.

Nabo Asgeir Bakke, håpar i alle fall dei går ei meir luktfri tid i møte.

– Eg likar å gå tur i skogen, men det er ikkje stas å gå i kloakkstank. Og no kan vi tenkje på om ungane vil flytte tilbake, for dei ville ikkje kome tilbake til kloakklukta, seier Bakke.

Miljøservice som driv anlegget seier dei forheld seg til kommunen sitt vedtak, og ynskjer ikkje å kommentere saka noko vidare.

Oversiktsbilete Reset

TEK TID: Å bygge opp eit så omfattande anlegg til slam- og kloakk mottak og kompostering, tek tid, og det er uklart kvar kloakken frå Nordfjord skal tømmast når avtalen med anlegget i Hjelmelandsdalen i Eid går ut i 2015.

Foto: Asgeir Bakke