NRK Meny
Normal

Stengjer fylkesveg klokka 17 på grunn av rasfare

Statens vegvesen stengjer fylkesveg 609 ved Heilevang mellom Askvoll og Førde klokka 17 søndag på grunn av rasfare. Det er ikkje bestemt når ein kjem til å opne vegen att.

Heilevang

USIKKERT: Fylkesveg 609 mellom Askvoll og Førde er svært utsett for ras når det kjem store nedbørsmengder.

Foto: Patryk Smørdal / NRK

– Det har førebels ikkje komme ned nokon stein der, men dette er eit område der vi veit det ofte rasar når det kjem store nedbørsmengder, seier vakthavande ved Vegtrafikksentralen, Jan Erikstad.

I første omgang vil vegen verte stengd så lenge det er mørkt. Deretter vil det bli gjort ei ny vurdering.

– Eg torer ikkje seie kor lenge vi held stengt. Vi må berre sjå korleis det utviklar seg utover kvelden, seier Erikstad.

Har registrert 46 ras på under tre år

På fylkesveg 609 mellom Askvoll og Førde er det området ved Heilevang og Hundsåna som er spesielt utsett for steinras. Her har det med jamne mellomrom komme fleire små og større ras.

I februar i år synte ei oppteljing at det hadde gått 46 ras på strekninga på under tre år. Sidan då har det fleire gonger komme steinar ned i vegbana.

Geologar har tidlegare uttalt at dersom vegen forbi Heilevang skal bli trygg, må det byggjast tunnel eller rasoverbygg.

Melder kraftig nedbør

Meteorologisk institutt har sendt ut OBS-varsel på grunn av den varsla nedbøren.

– Vi ventar mellom 50 og 70 millimeter nedbør på 12 timar. Det er ganske mange bøtter per kvadratmeter, for å seie det pent, seier vakthavande statsmeteorolog ved Vêrvarslinga på Vestlandet, Arnstein Tjøstheim.

Tidlegare i dag gjekk Vegtrafikksentralen ut og åtvara folk mot å ferdast på vegane dersom det ikkje er strengt naudsynt.

Det er mykje pålandsvind, i kombinasjon med mange kraftige lågtrykk i kø utanfor norskekysten som er årsaka til ruskevêret som no rammar Vestlandet med full styrke.

– Vi vil ikkje kalle det ekstremt. Men det er viktig å ha i bakhovudet at det allereie har regna mykje over lengre tid. Når jorda er metta med vatn, kan store nedbørsmengder fort få konsekvensar, seier Tjøstheim.

Difor har NVE sendt ut varsel om auka fare for jord- og flaumskredfare, oransje nivå for Vestlandet. NVE understrekar at skredfaren er størst der byene treffer, og ber folk følgje med på vêrradaren på yr.no.

Vegopning på Bergum i Førde kommune