NRK Meny
Normal

Stengjer fylkesveg grunna rasfare

Fylkesveg 609 mellom Askvoll og Førde vert stengd ved Heilevang frå klokka 22 i kveld og til i morgon klokka 09.30 på grunn av rasfare.

Heilevang

STENGD: Vegen mellom Askvoll og Førde er stengd ved Heilevang. Biletet er teke tidlegare i år.

Foto: Patryk Smørdal / NRK

– Det har komme ned ein del småstein og is, og entreprenøren vurderer det slik at det er tryggast å stengje vegen i natt på grunn av fare for ras, seier vakthavande ved Vegtrafikksentralen i Hordaland, Morten Hansen.

Det vil bli gjort ei ny vurdering så snart det lysnar på nyttårsaftan.

– Ein geolog skal sjå på staden før ein vurderer om det er trygt å opne, seier Hansen.