NRK Meny
Normal

Stengjer fødestova i sommar

Den forsterka fødestova i Lærdal vert stengt i seks til åtte veker i sommar. Det har administrasjonen i Helse Førde bestemt.

Lærdal sjukehus

HER VERT DET STENGT: Fødestova ved Lærdal sjukehus vert i sommar stengt i seks til åtte veker.

Foto: unknown / NRK

Bakgrunnen for stenginga er at helseføretaka manglar tre operasjonssjukepleiarar. Styreleiar Clara Øberg seier dei stengjer med tung hjarte.

- Vi beklagar at vi må gjere det, men vi har rett og slett ikkje folk til å halde ope, seier Øberg til NRK etter styremøtet fredag.

Får ikkje tak i vikarar

Trass i iherdige forsøk i både inn- og utland, har ikkje Helse Førde greidd å skaffe vikarar. Det opplyste administrerande direktør Jon Bolstad under styremøtet på Tronvik fredag føremiddag.

- Eg synst det er leitt at det skal bli slik, sa Bolstad i si orientering.

Og Bolstad seier helseføretaket har prøvd alt dei kan å skaffe til vege vikarar som kan arbeide på fødestova i sommar.

- Vi har prøvd vikarbyrå og vi har ringt dei som har vore her tidlegare. Vi har også lyst ut stillingane i norske og utanlandske tidsskrift, og brukt internett. Men det er ingen som vil bruke sommaren sin i Lærdal, seier Bolstad til NRK.

(Artikkelen held fram under biletet)

Administrerande direktør i Helse Førde, Jon Bolstad, i midten

BEKLAGER: Både administrerande direktør, Jon Bolstad (midten) og styreleiar Clara Øberg seier det er beklageleg at dei må stengje fødestova i sommar.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Prioriterer ortopedi

Han forklarar at dei har vurdert fleire alternativ for korleis å løyse situasjonen.

- Vi kunne ha stengd ned alt som har med operasjon å gjere i Lærdal i fire veker. Men vi meiner det er eit dårlegare alternativ, fordi vi ønskjer å sikre drifta på skadepoliklinikk og ortopedi i denne perioden, seier Bolstad.

Vert ikkje stogga av helsedepartementet

Den forsterka fødestova i Lærdal har ein spesiell status sidan den vart oppretta i statsråd.

NRK har vore i kontakt med helsedepartementet som seier stenginga ikkje må godkjennast av dei.

Øberg på si side beklagar at stenginga.

- Men har du ikkje folk, så har du ikkje folk. Når vi har leitt etter folk i både inn- og utland, så har vi ikkje noko val, seier Øberg til NRK.

Vegopning på Bergum i Førde kommune