NRK Meny
Normal

Må kutte i budsjettet - stengjer truleg fødeavdelinga i sommar

Fødeavdelinga ved Nordfjord sjukehus vert etter alt å dømme stengd til sommaren.

Fødeavdeling

STENGJER: Helse Førde stengjer truleg fødeavdelinga ved Nordfjord sjukehus kommande sommar.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Ottar Nygård

REAGERER: Ottar Nygård likar ikkje tanken på å stengje fødeavdelinga.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

– Vi synest ingenting om at ein skal stengje fødeavdelinga før ein hadde bestemt at ein skulle gjere det. Då må ein berre setje i gang det nye alternativet tidlegare, og samarbeide med Volda. Eg ser ingen andre moglegheiter, seier leiar Ottar Nygård i Nordfjordrådet.

Fredag presenterte administrasjonen i Helse Førde framlegget til budsjett for 2012. Der kom det fram at helseføretaket må kutte med 29 millionar for å nå resultatkravet på 40 millionar kroner i minus.

– Strategien for å nå økonomisk balanse må hovudsakleg vere å redusere kostnadene, sa administrerande direktør Jon Bolstad til NRK.no.

– Uheldig for alle brukarane

No er det klart at eitt av tiltaka kan vere å stengje fødeavdelinga på Nordfjord sjukehus om sommaren.

Ei sommarstenging vil kunne spare Helse Førde for nesten 360 000 kroner, går det fram av budsjettforslaget.

– Eg synest det blir litt endringar av rammevilkåra. Det er uheldig for alle som er brukarar og som planlegg ut frå det som er sagt og lovt. Til og med ministeren la vekt på tidsplanen og når ting skulle skje, og kopla det opp mot Kvivsvegen, så det er heilt klart uheldig, seier Nygård.

(Artikkelen held fram under biletet)

Jon Bolstad

MÅ KUTTE: Jon Bolstad i Helse Førde må kutte 29 millionar i 2012.

Foto: Stig Indrebø / NRK

Kjem opp på styremøte denne veka

Nedlegging av ortopedien ved Nordfjord sjukehus reduserer kostnadene til Helse Førde med nær 15 millionar i 2012. Det er også klart at kirurgisk klinikk får 22 færre senger.

Styret i Helse Førde skal ta endeleg stilling til framlegget til budsjett på eit styremøte i helseføretaket kommande torsdag.

Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast
GILGAMESH - Kongen som nekta å døy