Stengjer Flåmselvi for fiske

Fylkesmannen i Vestland stenger for fiske etter laks og sjøaure i Flåmselvi og fram til Dorganeset i Aurlandsfjorden. Skadeflaumen i 2014 og mange gravetiltak i og langs elva har truleg medverka til at gytebestanden av laks har gått frå 280 individ til 34 på få år. Seniorrådgjevar John Anton Gladsø seier situasjonen for laksen i Flåmselvi er så kritisk at noko måtte gjerast.