Stengjer Flåmsbana i dag
Alle tog frå Myrdal til Flåm blir innstilte frå klokka 09 til 18 i dag. Bane Nor opplyser at dei skal fjerne is og snø langs linja. Bana blir stengd av omsyn til tryggleiken til arbeidarane. Det blir ikkje sett opp alternativ transport på strekkja då denne er utan veg.