Hopp til innhold

Stengjer E39 på grunn av bilberging

På E39 ved Skjærsura i Jølster vert det halvitmes stengingar utover dagen på grunn av bilberging.

Bilberging Skjersura

HAMNA I GRØFTA: Bilberging er no på plass på E39 ved Skjærsura for å hjelpe semitrailaren som natt til laurdag hamna i grøfta.

Foto: Per Kristian Grimeland / NRK

– Ein semitrailer skal bergast opp frå grøfta, og det vil ta noko tid, opplyser Jan Erikstad ved Vegtrafikksentralen.

Det vil vere stengt frå klokka 14 i periodar på ein halvtime utover dagen.

Bilistar som kjem får Skei vart sleppt forbi ved 14.30-tida, men det er langt køar, opplyser ein bilist som er på staden.

Det var ved 05-tida i natt at semitraileren hamna i grøfta på E39 ved Skjærsura, mellom Ålhus og Skei.

Kø ved Skjærsura

KØ: Det er kø på E39 i Jølster i dag på grunn av bilberging.

Foto: Per Kristian Grimeland / NRK