Hopp til innhold

Stengjer Aurland - Hol i to månader

Fylkesveg 50 mellom Aurland og Hol blir heilt stengd i oktober og november.

Rv 50 Hol-Aurland

BLIR STENGD: Riksveg 50 mellom Hol og Aurland skal bli utbetra ved Geiteryggstunnelen.

Foto: NRK

Årsaka er at Geiteryggstunnelen, som ligg like ved fylkesgrensa på buskerudsida, skal gjennom omfattande utbetringar.

Det skal sprengjast ei ny snunisje, i tillegg skal det lagast nye bergrom for tre tekniske bygg. Det skal også sprengjast plass til service- og havarinisjer.

Reinskar fjellet

Vegvesenet melder at dei vil utføre nødvendig fjellrensk, sikringsarbeid og fuktsikring.

Tunnelen blir også nattestengt frå arbeidet startar i september og heilt fram til sommaren 2014.

Geitryggtunnelen er med sine omlag 1100 meter over havet Norges høgast liggjande tunnel på riks- og fylkesvegnettet.

Skiltar omkøyringane

Omkøyringa må skje via E16, Rv52 og Rv7. Eit anna alternativ blir via Rv7 over Hardangerbrua som opnar i haust. Dette for trafikk frå Bergensområdet/Voss og Hardanger retning Øvre Hallingdal.

Stengingane om omkøyringsruter blir varsla i god tid med skilt både ved E16 i Aurland og Rv7 i Hol, ved Myrland og i Vassbygdi. Statens vegvesen vil ha oppdaterte meldingar om stengingane.