Hopp til innhold

Stengjer åtte lensmannskontor

Bur du i Vik, Jølster, Hyllestad, Leikanger, Gaular, Askvoll, Lærdal eller Selje?

Dag Øyen

Arkivbilete: Dag Øyen, fylkesleiar i Politiets Fellesforbund.

Foto: NRK

Då må du vente lenge på politihjelp dei neste vekene.

For politiet klarer ikkje å bemanne alle lensmannskontora i fellesferien, og stengjer difor desse åtte kontora i fleire dagar dei komande vekene.

Det skriv Bergens Tidende torsdag.

LES: Fakka tjuvane sjølve

– Beredskapen blir svekka

I Gaular er lensmann Svein Rød den einaste politimannen på jobb denne veka. Når han tek ferie neste veke, stengjer han kontoret etter seg.

– Det er ikkje godt nok. Vi vil vere heilt avhengige av hjelp frå nabokommunane om noko skjer, og beredskapen blir i høgste grad svekka, seier Rød til Bergens Tidende.

Rykkjar ikkje ut til fyllebråk

Situasjonen er så alvorleg at politiet i mange tilfelle ikkje kan rykkje ut til meldingar om fyll og bråk.

Vi kryssar fingrane for at det ikkje skjer store ting no i ferien, seier fylkesleiaren i Politiets Fellesforbund Dag Øyen, som arbeider til dagleg på operasjonssentralen i Florø.

LES: Politiet ville ikkje ta fyllekøyrar

– God nok

Politimeister i Sogn og Fjordane, Johan Brekke, seier at han ynskjer at alle lensmannskontora var bemanna året rundt, men påpeikar at óg politifolk har krav på ferie.

– Eg meiner likevel at beredskapen er god nok, seier Brekke.

Han håpar folk har forståing for at politiet har ein kvardag med knappe ressursar.

– I ein ideell situasjon skulle vi hatt mange fleire politimenn tilgjengelege, men vi lever diverre ikkje i ein slik situasjon, seier politimeisteren.

  • Er politi-situasjonen i fylket forsvarleg? Diskuter i kommentarfeltet!