Hopp til innhold

Stenging skapar trøbbel for hotell

Vegstenginga mellom Olden og Innvik kan få store konsekvensar for Hotel Alexandra i Loen.

Steinras og Hotel Alexandra

TRØBBEL FOR TURISTANE: Steinras skapar trøbbel for Hotel Alexandra i Loen. Sidan vegen er stengd, vil gjestene som kjem frå sør få lang omkøyringsveg.

Foto: Arne Vik/Ottar Starheim

Richard Grov

UROA: Direktør Richard Grov fryktar vegstenginga vil få konsekvensar.

Foto: Haakon Blaauw / NRK

Måndag føremiddag rasa store steinblokker ned på fylkesveg 60 ved Vanbergtunnellen ved Ugla i Stryn. Dei må mest truleg sprengjast vekk, og vegen blir tidlegast opna i 16-17-tida. I verste fall blir vegen stengde heile dagen, melder vegtrafikksentralen.

Hovudvegen til Alexandra

Hotel Alexandra i Loen ventar 600 gjester i løpet av dagen, og hotelldirektør, Richard Grov, seier at stenginga får store konsekvensar:

– Eg har ikkje lyst å tenkje på det, for det er jo hovudvegen vår nord-sør. Det er innlysande at dersom ikkje vegen er open, får ikkje vi gjestane våre fram, seier han.

(Artikkelen held fram under videoen)

Ras mellom Olden og Innvik sperrar riksveg 60.

SJÅ VIDEO: Slik ser det ut på rasstaden på fylkesveg 60.

Kø på Anda - Lote

Juli er høgsesongen med 17 000 gjestedøgn. I dag ventar dei 600 gjestar på besøk. Einaste omkøyringsmoglegheit er via Lote- Anda på E39.

– Men blir det auka trafikk der, blir det fort kø på ferja. Det er ingen god situasjon det heller. Det er ikkje godt å seie kor påverka vi blir, men det får heilt sikkert konsekvensar.

Fjord1 melder klokka 12 at det er kø på ferjesambandet Anda–Lote på E39.

Steinras ved Ugla mellom Innvik og Olden

STORE BLOKKER: Steinblokkene som har rasa har ført til at vegen blir stengd i mange timar.

Foto: Arne Vik