Hopp til innhold

Håper skulen skal få halde ope i eitt år til

KOLSET/BREMANGER (NRK): Foreldre og born ber på sine kne om at Kolset skule i Bremanger får leve eitt år til. I dag bestemmer kommunestyret om elevane må flytte til ein annan skule.

Markus Leirgulen og Tilja Storøy Bortne

VIL IKKJE SKIFTE SKULE: Markus Leirgulen (12) og Tilja Storøy Bortne (11) håper dei får gå på Kolset skule også neste år.

Foto: RAGNHILD VORELAND / NRK

– Eg synest det er utruleg dumt. Eg føler at denne skulen er mykje betre enn andre skular, seier Tilja Storøy Bortne.

Ho er 11 år og til hausten vil ho halde fram på den skulen ho alltid har gått på. Men det er det ikkje sikkert at ho får.

For skulen med ti elevar er på kuttlista til Bremanger kommune. I bygda har dei mobilisert sidan denne meldinga kom. Dei vil redde vidare drift gjennom å starte Montessori-skule der frå neste år. Fram til då ber dei om at politikarane held liv i skulen.

– Å flytte ungane no er ikkje bra for dei. Vi ynskjer å ha dei her på skulen så lenge som vi kan, seier Renate Storøy.

Per Kjetil Leirgulen og Renate Storøy

HÅPER: Renate Storøy seier ei nedlegging får konsekvensar.

Foto: RAGNHILD VORELAND / NRK

Frå hausten har ho tre barn ved skulen. Ho meiner ei skulenedlegging kan ha konsekvensar for heile bygda.

– Samlingsplassen er jo her. Det er her vi møtest når det er arrangement, både i regi av idretten eller musikk. Og så har me 17. mai og jula. Det har mykje å seie for både eldre og yngre, seier ho.

Det er ein representant for dei yngre heilt einig i.

– Å vere elev her er kjempeflott, og lærarane her er kjempeflinke, seier Tilja Storøy Bortne.

Usikkert utfall

Formannskapet sa allereie i mars nei til å utsetje nedlegginga av skulen. I dag er det opp til kommunestyret.

Bremanger-rådmann Tom Joensen tør ikkje spå kva som skjer.

– Eg har inga meining om det. Eg forstår at det er mykje engasjement rundt dette, men eg meiner at vi har følgt dei vedtaka som eit fleirtal i kommunestyret har fatta, seier Joensen.

Bremanger-rådmann Tom Joensen

TØR IKKJE SPÅ: Rådmann Tom Joensen seier kommunestyret bestemmer.

Foto: RAGNHILD VORELAND / NRK

Eit tidlegare kommunestyrevedtak har bestemt at dersom talet på elevar ved ein skule går under tretten, så skal ein starte ein prosess om nedlegging. Det skjedde ved Kolset allereie i 2016.

– Kolset har fått to år med utsetjing. Og no er vi her. Vi følgjer opp kommunestyret sitt vedtak. Drifta av skulen er teke ut av budsjettet frå hausten 2019, seier Joensen.

Men ei slik utsetjing kan bli vedteke også i dag.

– Det er det kommunestyret som bestemmer, seier rådmannen.