NRK Meny
Normal

Stenger tunnel i lange periodar

Frå måndag 6. februar blir det lange stengingar på kveld og natt i Kvernhaugtunnelen i Høyanger.

Kvernhaugtunnelen i Høyanger

BLUIR STENGD: Kvernhaugtunnelen på fylkesveg 55

Foto: Statens vegvesen

Tunnelen, som er ein del av fylkesveg 55, skal sikrast og rustast opp. Statens vegvesen opplyser at arbeidet vil ta til klokka 20 på kvelden, og at opningstidene fram til midnatt er tilpassa bussrutene. I tillegg er det lagt inn to ekstra gjennomkøyringar.

  • Frå Høyangersida: ca. kl. 2030, 2210, 2240 og 0000
  • Frå Vadheimsida: ca. kl. 2020, 2130 og 2345

Frå midnatt til klokka 05:30 vert tunnelen heilt stengt. Slik vil det vere i tre veker, med oppstart måndag 6. februar.

– Tunnelveggane skal dekkast med betong, eit arbeid som krev lang tørketid. Vi kan difor ikkje ha trafikk gjennom tunnelen i dei timane, med unntak av reine utrykkingsoppdrag, seier byggeleiar Atle Johnny Rygg i ei pressemelding.

På dagtid og i helgane vert det fri ferdsel gjennom tunnelen. Arbeidet tek helg fredag morgon, og startar opp att måndag kveld. Siste natt med stengingar er natt til fredag 24. februar.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.