NRK Meny

Stenger to av tre kyrkjer - mindre stell på gravplassane

VÅGSØY (NRK): To av tre kyrkjer i Vågsøy skal til ein kvar tid vere stengde i 2017. Kyrkjene vert også mørklagde, og gravplassane mindre stelte.

Sør-Vågsøy kirke

STENGAST: Sør-Vågsøy kyrkje i Måløy skal stengast frå juni til desember, med unnatak av august.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Vågsøy Sokneråd må kutte 500 000 kroner i 2017. No har dei laga ferdig kuttlista:

  • To av tre kyrkjer stenger frå 1. februar
  • Flaumlys på kyrkjene vert sløkte
  • Det skal ikkje tilsetjast sommarvikarar for å klippe gravplassane
  • Berre pålagde gudstenester vert gjennomførte
  • Auka avgifter på tenester
  • Auka del av takkeoffer til anna verksemd skal gå til drift av kyrkjene

I tillegg vil ein redusere kostnadane ved å kanskje flytte kyrkjekontoret ut av rådhuset. Dåp, konfirmasjonar, bryllaup og gravferd vert altså til ein kvar tid berre arrangert ein stad i kommunen.

Totland kyrkje

STENGD: Totland Kyrkje skal vere stengd frå 1. februar, men held som einaste kyrkje i kommunen open oktober og november.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– Veldig beklageleg

Sokneprest i Vågsøy Mari Saltkjel beklagar at kutta må til:

– Det er absolutt veldig beklageleg, men vi gjer dette for å halde oppe sjølve innhaldet i arbeidet vårt. Alle kyrkjelege arrangement i 2017 vert berre i ei kyrkje, vi kan ikkje velje mellom kyrkjer.

Saltkjel seier ein ikkje kjem utanom kutta:

Mari Saltkjel

TUNGT Å INFORMERE: Sokneprest i Vågsøy, Mari Saltkjel, seier det blir tungt å informere pårørande om at gravferder blir andre stadar enn venta.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– Det er ikkje ein protestaksjon. Det positive er at eg som sokneprest kan gjennomføre arrangement for alle med same kvalitet og innhald som før, men folk må reise meir.

Soknepresten trur særleg pårørande etter dødsfall vil oppleve det som trist at den lokale kyrkja er stengt.

– Det er det tyngste å måtte informere folk om.

–Trist at kyrkjene vert stengde og mørklagde

Folk NRK møter på gata liker dårleg nyhenda: Tove Kongshaug frå Vedvik synest ingenting om det:

– Kyrkja bør vere open når vi treng ho.

Tove Kongshaug

OPPGITT: Tove Kongshaug frå Vedvik i Nord-Vågsøy har ikkje forståing for kutta.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Kongshaug meiner det er ekstra synd at ein kuttar i lys og vedlikehald på gravplassane:

– Alt no ser det ikkje ut enkelte gongar. Det er så høgt gras at ein må vasse, om det blir verre enn det er no så er det forferdeleg.

– Kan berre vere ein stad i slengen

Andre er delte i synet. Jan Lem peikar på at det ikkje er langt mellom dei tre kyrkjene:

– Eg brukar ikkje å gå i meir enn ei, i alle fall ikkje på same dag, seier Lem spøkefullt. Lem likar på andre sida dårleg at kyrkjegardane ikkje vert stelte:

– Det meiner eg er svært dårleg, kyrkjegardane bør stellast når det trengst.

Nord-Vågsøy kyrkje

STENGD: Nord-Vågsøy kyrkje skal vere open i juni, juli og september, men elles stengt i 2017.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– Ynskjer ikkje dette

Anne Gry Fløien

INGEN UTVEG: Kyrkjeverje i Vågsø Anne Gry Fløien beklagar kutta, men har ikkje anna val.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Kyrkjeverje Anne Gry Fløien seier soknerådet må kutte over ti prosent i budsjettet sitt. Medan kommunen i den samla drifta hadde varsla fem prosent kutt.

– Saka er veldig trist, det gir jo eit signal om korleis politikarane tenker i pressa situasjonar. Det er ein tankevekkar at politikarane, etter å ha kutta ned budsjettet, etterpå fann 900 000 kroner som dei gav til ulike "gode føremål", kyrkja fekk ikkje noko av dette.

– Nødvendig å kutte

Ordførar i Vågsøy Kristin Maurstad (Ap) kan ikkje love meir pengar:

– Vi veit at kutt har konsekvensar. Eg skjønar reaksjonane, særleg når det gjeld stell på gravplassane. Vågsøy er i ein utruleg pressa situasjon økonomisk, vi kom elendig ut i statsbudsjettet.

Trur det finst pengar

Sokneprest Mari Saltkjel kjøper ikkje vidare påstanden om at kommunen er pengelens. Kommunen har lagt inn ytterlegare kutt på 100 000 i 2018.

– Eg synest ikkje at å stenge to av tre kyrkjer, og å spare inn 10 prosent av budsjettet vårt, er representativt for Vågsøy kommune sin økonomi.

Navnestrid i Sunnfjord
2200 villrein i Nordfjell skal avlivast, men jegerane er ikkje nøgde. 
   
Dab-dekning i tunnelar