Stenger populær turistveg for bussar

Frå våren 2019 får ikkje lenger køyretøy som er over åtte meter og med meir enn åtte tonn akseltrykk lov til å køyre fylkesveg 258, mellom Grotli og Stryn.

Gamle og nye Strynefjellsvegen

STENGD FOR TUNGE KØYRETØY: Gamle Strynefjellsvegen i forgrunnen, i bakgrunnen kan vi sjå ein av tunnelane på den nye vegen over Strynefjellet.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Fylkestinget i Oppland har no bestemt at den populære turistvegen Gamle Strynefjellsvegen skal stengjast for tyngre køyretøy.

– Det har synt seg at på grunn av at mange og tunge køyretøy har brukt vegen så har det vore utfordrande for oss å halde oppe standarden på vegen, seier Anne Elisabeth Thoresen, som er komiteleiar for samferdsel og trafikktryggleik i Oppland fylkeskommune.

Den smale og svingete vegen vart bygd for hest og kjerre i 1894, og er i dag nasjonal turistveg med stor trafikk av turistar. I 2009 vart vegen også freda.

– I 2018 har vi gjort ein god del vedlikehald, men sidan vegen er freda så kan vi ikkje gjere tiltak på vegen som grip inn i fredingsvedtaket. Så eg er usikker på om vi hadde klart å få noko betre standard på vegen uansett kor mykje pengar vi hadde brukt, seier Thoresen.

– Får store konsekvensar

På vestsida av fjellet er ikkje ordføraren i Stryn, Sven Flo, særleg begeistra for avgjerda til Oppland fylkeskommune.

Sven Flo

KRITISK: Sven Flo (H) er ordførar i Stryn.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Denne avgjerda om å ikkje sleppe bussar over Gamle Strynefjellsvegen vil få konsekvensar for reiselivet.

Han peikar på at avgjerda får konsekvensar for kommunar i tre fylke, og stiller spørsmål ved at dei ikkje har blitt tatt med på råd.

– Verken Stryn, Skjåk eller Stranda har vore involverte. Det tykkjer vi er merkeleg og er det noko vi er kritiske til, seier Flo.

Samferdslehistorie

I Oppland ser også Thoresen at vegen er ein viktig del av norsk samferdslehistorie og ein viktig ferdselsveg for turistar. Både for reisande som skal på sommarskisenteret og turistar som berre vil oppleve den historiske vegen over fjellet.

Anne Elisabeth Thoresen, komiteleiar for samferdsel og trafikktryggleik i Oppland fylkeskommune.

STENGER: Anne Elisabeth Thoresen (Ap) er komiteleiar for samferdsel og trafikktryggleik i Oppland fylkeskommune.

Foto: Privat

– Men vi klarar ikkje å halde han oppe som ein turistveg med den belastninga vi har no, seier Thoresen.

Stryneordføraren seier dei gjennom fleire år har peika på behovet for å styrke Gamle Strynefjellsvegen mellom Oppland og Sogn og Fjordane.

– No er dette ein veg som gruslagd på Skjåk-sidan, medan han er asfaltert og delvis oppgradert på Sogn og Fjordane-sida. Vi kan ikkje forstå at ein ikkje også i Oppland kan vere med på å oppgradere for å halde oppe den trafikken som mange er avhengige av, seier Flo.