Verksemda som tidlegare heitte Vest Tank får ikkje lenger tak i vatn, noko som gjer det umogleg å få reinse tankane for farleg avfall.
Administrerande direktør Håkon Ivarson meinar kommunen ikkje tek ansvar.
- Kommunen har stengt tilførselen, og vi har ikkje nok vatn til å bruke heilt enkle ting som toalett og vaskar, seier han.
Sprengt leidningsnett
Eit sprengt leidningsnett gjer at Alexela Sløvåg no må stenge av anlegget der to tankar gjekk i lufta i fjor.
Vasskrisa gjer at det er uforsvarleg å halde fram drifta. Mellom anna har dei ikkje vatn til å vaske tankane med farleg avfall som er lagra etter eksplosjonen i haust. Dermed vert dei heller ikkje kvitt det avfallet som kan ha skapt helseplager i området.
Får ikkje dusje
Problema skal også vere store for andre verksemder som Baker Oil med 15 tilsette og for private husstandar i området.
Reidun Ervik som bur i kommunen seier at situasjonen har vore vanskeleg i tre månader, og at innbyggjarane ikkje veit når dei har vatn. Ho meiner det heile er svært spesielt
- Du står opp og har ikkje vatn. Då må ein gå andre plassar når ein skal dusje, seier ho.
- Må melde behov
Rådmann i Gulen, Harald Haugejorden, seier at kommunen ikkje har fått beskjed om at dei har stor trong for vatn, og dermed har heller ikkje kommunen klart å dimensjonere vassforsyninga i tide.
Haugejorden seier at det vil gå eitt halvt år før problema er i orden. Ei eiga sak om dette skal opp i kommunestyremøte torsdag, og inntil då må verksemdene satse på eigne løysningar.
- Innbyggjarane skal prioriterast med kommunalt vatn, og det fører til at næringslivet må rasjonere. Dei må løyse sine behov, som dei ikkje har meldt inn på førehand, seier rådmannen.
Rasjonerer vatn
- Vi har måtte rasjonere litt for næringslivet for at husstandane ikkje skal miste vassforsyninga, forklarar han.
Alexela Sløvåg vil prøve å ha ei ordning med midlertidig vassforsyning klar innan to veker, anten med tankbåt eller midlertidige vasslangar.