Hopp til innhold

Stenger hotellet i protest

Eigaren av Jølster hotell på Vassenden vinterstengjer hotellet i protest mot Jølster kommune, skriv Firda.

Jølster Hotell
Foto: Torbjørn Fardal / NRK

Det skapte reaksjonar då kommunen i juni gav tre millionar kroner i støtte til Skei Hotell, som er eigd av dei tre rikaste mennene i Jølster.

Hotelleigar Ottar Øygard håpar at stenginga av Jølster hotell skal få kommunen til å gjere om vedtaket.

- Vi føler rett og slett at vi ikkje kan konkurrere på lik linje med Skei Hotell. Dette vedtaket er urimeleg, vanvittig, heilt utan meining.

Skei Hotell
Foto: Arild Nybø / NRK

Framlegg frå Senterpartiet

Det var i juni i år at kommunestyret, etter framlegg frå Tollef Årdal frå Senterpartiet, vedtok å løyve tre millionar kroner til utbygging og modernisering av Skei Hotell i den andre enden av Jølstravatnet. Dette hotellet er eigd av Ivar Helgheim, Steinar Dvergsdal og Hallvard Viken.

- Unødvendig tilskot

Øygard er svært kritisk til at pengane går til eit hotell med svært pengesterke eigarar.

 

Ottar Øygard
Foto: Torbjørn Fardal / NRK

- Det verste er at dei gir eit heilt unødvendig tilskot frå ein fattig kommune til dei rikaste jølstringane. Det er så vidt eg veit det første tilskotet som Jølster kommune gir til næringsverksemd, og det går til tre karar som til saman skal vere gode for ein milliard kroner. Dessutan fekk dei så vidt eg veit overta Skei Hotell svært billeg, og hotellet ligg midt i Sogn og Fjordane, med andre ord den mest gunstige plasseringa ein kan få i fylket. Og greier ikkje dei seg utan tilskot så er det innlysande at ingen kan greie seg, iallfall ikkje her på Vassenden.

Ut av Senterpartiet

I vonbrot over Tollef Årdal og Senterpartiet har Øygard no meldt seg ut av partiet.

- Det forbausar meg verkeleg at desse politikarane kan vedta noko slikt. Dette vedtaket strir mot den politikken eg ventar at Senterpartiet skal føre.

- Ikkje forskjellsbehandling

Rådmann i Jølster, Jostein By, avviser at dei driv med forskjellsbehandling av hotella i kommunen. Han seier på si side at alle kan søkje kommunen om støtte.